Populært med lokale ølsmakar

Rocka øl frå Ego bryggeri.

9. september 2017

Vennegjengen frå Vestfold er klare for å smake godt øl frå Valdres gardsbryggeri.

Foto: Rocka øl frå Ego bryggeri


"Ja, vi er venner", konstaterer Ole Kristian Sommerstad med eit smil.

Åtte glade vestfoldingar er klare for ølsmaking i ølteltet. Her inne står fem norsk ølbryggeri på rekke og rad, med kvar sine tappekraner: Fjellbryggeriet, Valdres Gardsbryggeri, Nøgne Ø, Ego Brygghus og Aja Bryggeri.

Vennegjengen frå Vestfold er klare for ølsmaking.

Det summar i lokalet av latter og prat. Nokre er på ølsmaking, andre skal inn for å kjøpe seg eit glas av dei edle dråpane. Bryggerisjef Egil Bjørsland gjer seg klar for å presentere tre smakar for folket; Det spesialbestilte ølet med namnet Dyrskun, og deretter prøver på øltypene Staut og Trøll.


Bjørsland presenterer byggeriet sitt som landets nest eldste mikrobryggeri, som i dag brygger 18 000 liter øl i året. Litt politikk tek han også med, og viser til at det er små marginar som gjer om du overlever på eigenprodusert øl i dag, i og med mange og tjue kroner per liter går til statlege avgifter. "Det er mykje arbeid og lite forteneste", seier han.


Så er det klart for smaking. Ølet Dyrskun er eit lyst og sitrusaktig øl, og ut frå den lette og hyggelege stemninga rundt borda i ølteltet, ser det ut til at det nye ølet fell i smak.