Dyrskuprogrammet 2017 er klart

22. august 2017

Det er atter duka for folkefest på Dyrskuplassen i Seljord når 740 utstillarar og 90 000 besøkande er venta 8.-10. september!

Programmet til årets Dyrsku er meir mangfaldig enn nokon gong, og blant årets høgdepunkt kan nemnast;  

  • Veslestaulen. Bornas eigen staule rett ved Hovudinngangen kor born får prøve seg på ulike aktivitetar tilknytt dyr og mat
  • Politisk fesjå under det offisielle opningsprogrammet leia av Aasmund Nordstoga og Eirik Aasheim  
  • Bård Tufte Johansen med skråblikk på norsk landbruk
  • Verdsmeistar i kokkekunst Geir Skeie kjem for å fortelje oss om kva vi burde ha som tilbehør til maten
  • Familiesundag. Lothepus og Katastrofe kjem for å opptre
  • «Det norske måltid»
  • NM i graut
  • Eiget øltelt for mikrobryggeri
  • «Ein kubbe å stole på» Ei reise i kubbestolens historie. Frå tradisjonelt handverk til design i 2017

I tillegg blir det tradisjonelle husdyr- og hesteutstillingar, bryllaup, tivoli og eit vell av aktivitetar, foredrag og underhaldning gjennom heile helga.

Vi ynskjer hjarteleg velkomne til Dyrsku'n 2017!

Last ned pdf av programmet her.

Eller bla i det digitale programmet: