Rekordstort antall matutstillarar

Caroline Laurhammer frå Visit Telemark å besøk i Matteltet

16. juni 2017

Aldri har så mange matutstillarar ynskt seg plass på Dyrsku'n. Ei svært spennande og variert matutstilling ventar dei mange besøkande til Dyrsku'n, seier utstillaransvarleg Annette Ajer

Bilde: Reiselivsdirektør i Visit Telemark, Caroline Laurhammer, på besøk i Matteltet under Dyrsku'n si 150-årsfeiring i 2016

Maten er i høgste grad veksande på Dyrsku'n, og det mangfaldet i produkt og utstillarar som vi ser i år, har vi aldri før vore i nærleiken av. Folk er stadig meir opptatt av mat med historie og er nysgjerrige på nye smakar. Matutstillarane stiller med alt frå sviing av smalahovud, supermat, tang og tare, ostar med urter frå kysten, til meir tradisjonelle produkt som eplemost, sild, graut og geitost. Eit stort spenn i utvalet, med andre ord. «Dyrsku’n er det beste enkeltarrangementet vi deltar på og hvor vi selger mest», seier Trond Wahlstrøm frå Beito Ysteri som har delteke på messa ei rekke gonger. «Vi veit at på Dyrsku’n handlar 9 av 10 besøkande, så i år skulle det ligge ekstra godt til rette for spennande matopplevingar og god handel», seier ein entusiastisk utstillaransvarleg.

Årets gjesteutstillar

Hoppestad gård frå Skien med sine økologiske superspirer er årets gjesteutstillar på Dyrsku’n. Familien har dyrka grønsaker gjennom mange generasjonar. For nokre år sidan slutta dei med dyr for å konsentrere seg om det dei lika best; å dyrke grønsaker. Dei er heile tida på utkikk etter innovative løysingar for å nytte jorda på best mogleg måte, og er ei ansvarleg og nysgjerrig bedrift med langsiktige perspektiv for produksjonsarealet sitt

Til Dyrsku'n kjem dei med sine grønsakspirer. Ei spire er ei miniatyrplante som ville utvikla seg til fullvaksne grønsaker dersom dei hadde fått spire seg ferdig. Spirene er fulle av enzym, hormon, biokjemikal og oksygen.  Alle stoffa døyr ved varmebehandling over 42 C, og derfor er det viktig å bruke spirene ferske eller som topping på varm mat. 

Stor auke i matinteresserte

- Det er gledeleg å registrere at vi får stadig fleire matinteresserte i dette landet. Salet av lokal mat og drikke veks framleis over dobbelt så raskt som omsetnaden i resten av daglegvare-marknaden. Vi er allereie snart halvvegs på vegen til å nå målet om ein lokalmat-omsetnad på 10 milliardar i 2025. Det er eg strålande nøgd med, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

«Det er framleis mogleg å søke plass til årets Dyrsku, men med den pågangen vi har, er det pr. i dag venteliste. Vi oppmodar likevel nye utstillarar til å sende oss ein søknad, så vil vi gjere det vi kan for å få plassert dei mange flotte utstillarane som ynskjer ein plass på årets arrangement», avsluttar Annette.