Ringte Dyrsku'n inn

Offisiell opning

fredag 8. september 2017

Med tre solide bjølleslag opna kjendiskokk Andreas Viestad (t.h), komikar Bård Tufte Johansen og Landbruks- og matminister Jon Georg Dale den 151. Dyrsku'n.

Årets opningsprogram blei kyndig leia av bonde og artist Aasmund Nordstoga saman med forfattar og journalist Erik Aasheim. Med eigne kvad song Nordstoga både seg sjølv og gjestene inn på scenen.

Matengasjert

Kjendiskokk og kokebokforfattar Andres Viestad tok med grytene sine opp på scenen, og ikkje minst brød laga av reint, norsk korn. For kornet, det tek med seg smaken av den jorda det veks i. Slik får kornet ein unik smak etter kva for gard det veks på.

Etter kokkelering og prøvesmaking tok telemarkingen og komikeren Bård Tufte Johansen over showet. Tufte Johansen fekk publikum i godt humør med sitt skråblikk på Dyrsku'n. Han var særskild nøgd med årets program.

"Det starta i dag klokka ni med vikingleir for barn. Det har eg skjønna var vellukka. Eg fekk akkurat vite at no er dei på veg til Bø for å plyndre", avslørte Johansen.

Ei rivande utvikling

Landbruks- og matministeren Jon Georg Dale heldt den offisielle opningstala for Dyrsku'n fredag. Dyrsku'n viser fram mykje av det beste ved norsk landbruk, meinte Dale.

Norsk jordbruk er mangfaldig. Eg har vore rundt på messeområdet i heile dag, og har sett noko av det dei kan vise fram. Det aller mest imponerande Dyrsku'n klarar å få til, er å vise fram både kvar norsk jordbruk kjem frå, og kvar norsk jordbruk er på veg, sa ministeren.

Dale peikte vidare på at den teknologiske utviklinga i landbruket ikkje er ein trugsel, men viktig for framtida. For landbruksministeren meiner norsk landbruk er i ei rivande utvikling, men òg at ein må ta vare på det gode ein har.

Vi skal ta vare på det som er unikt med norsk mat og norsk landbruk. Det unike er at vi produserer maten på ein måte som mange andre rundt oss ser til Noreg for å lære av. Vi brukar medisin til dyra dersom dyra er sjuke, men vi puttar det ikkje i fôret, sa Dale.

Politisk fesjå

Den tidlegare NRK-profilen og programleiar i Dagsnytt atten, Eirik Aasheim, leidde den politiske debatten på hovudscenen. Jon Georg Dale (Frp), Knut Storberget(Ap), Olav Borten Moe (Sp) og leiar i Bondelaget, Lars Petter Bartnes stilte til debatt om landbrukets framtid, bygdenes framtid og ikkje minst klimapolitikken.

Og ein kunne godt merke at det er valår på den politiske retorikken. For alle ville ta vare på landbruket, men vegen mot målet var dei ikkje einige om.