Smidd i hymens lenker

Brurepar Dyrsku'n 2017

9. september 2017

Tradisjonen tru fekk årets brurepar smelta saman sine hjarta på Dyrskuplassen.

Solvei Cottis Hoff og Øyvind Froknestad sto sjølve på kvar sin stand på Dyrsku’n i fjor, og det var då dei fekk ideen om å sende inn ein søknad.

«Vi synast rett og slett at det er veldig stilig. Det er ein spanande tradisjon som tilfører vigselen noko ekstra. Som bønder synast vi at det å bli smidd i lenkjer er litt tøffare enn ein vanleg vigsel», seier Hoff.

Brureparet møtte kvarandre i 2007, og paret bur no i Løten. Der skal dei etter planen ta over garden etter Solveis foreldre om eit par år.

«Vi har sterke røter i landbruket og er komande bønder. Det er utruleg stas å få vera årets brudepar på Dyrsku’n».

Staseleg ekvipasje

Brureparet kom køyrande inn til Sterke Nils-tunet i eit flott fylgje, kledde i bunadar med brurekrone på brura. I hest og kjerre med hardingfelespelarar i front kom paret fram til seremonistaden i strålande solskin. Heile Sterke Nils-tunet var fylt med tilskodarar. Kjøgemeister Aasmund Nordstoga ynskte brureparet hjarteleg velkomen med både øl og eit godt bryllaupskvad, før Solvei og Øyvind gjekk framfor smeden.

God statistikk

Smed Øyvind Klausen har smidd brudepar i hymens lenker i 14 år på Dyrsku’n, og statistikken er god meiner han. Brudeparet fekk kvar sin figur med inngraverte namn, festa med lenkje som så blei smidd saman i to hjarta.

«Lenkja må vera passe lang, for de eig ikkje kvarandre, men heng saman. Akkurat som den fridomen de har. Den bør ikkje vera for stram, brura må få reise på jentetur, akkurat som brudgommen må få reise på guttetur. Men fridomen må heller ikkje vera for lang», sa smeden.

Figurane og lenkjene er laga av jern, som kan ruste og bli stygge med tida.

«Dei må pussast og stellast, akkurat som ekteskapet», formana Klausen.

Brureparet fekk så med seg gåver og fleire gode ord inn til etterpålag saman med brurefylgjet sitt.

Vi ynskjer årets Dyrsku-brurepar hjarteleg til lukke med dagen!