Søknadsskjema for 2018 er lagt ut

6. oktober 2017

Ynskjer du å søke om standplass for Dyrsku'n 2018? Søknadsskjemaet er no lagt ut.


På vårt kundesenter finn du no søknadsskjemaet for Dyrsku'n 2018, med søknadsfrist innan 1. april.

5 gode grunnar til å vere utstillar på Dyrsku'n:
1. Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar
2. 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad
3. 9 av 10 handlar på Dyrsku' n
4. Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år, og over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet
5. Det vert omsett for over 500 millionar på Dyrskuplassen dei tre Dyrsku-dagane


Velkommen til Dyrsku'n 14.-16. september 2018!