Spesielle utmerkingar husflid

Ringar, Nyskapingspris - Dyrsku'n 2017

tirsdag 29. august 2017

Eit stort antal produkt med svært høg kvalitet var meldt på til årets husflidstevling på Dyrsku'n.

Bilde: Ringar sylv rekrutt av Marianna Brilliantova 

Det er rekorddeltaking på knivar og innan kategorien tre er det delt ut fleire fyrstepremiar. 

«Dette betyr mykje for engasjementet for husflid og rekruttering av utøvarar. Å finne ein fin balanse mellom det å ta vare på tradisjonar, samtidig med å syne fram korleis dei gamle handverksuttrykka inspirerer til det mest nyskapande, er viktig for interessa og utviklinga av faga. Dette jobbar Dyrsku'n mykje med og det ser vi resultatet av bl.a. i denne utstillinga», seier Marit Jacobsen direktør i Norges Husflidslag. Eva Flatin, fagansvarleg for husflid i Dyrsku'n syns det er ekstra moro at deltakarane i tevlinga kjem frå eit langt større geografisk område enn tidlegare. At vi har deltakarar frå store delar av landet viser at utstillinga er ein viktig plass for bransjen. Utstillinga er òg svært godt besøkt under Dyrsku'n, så dette er eit  ypperleg utstillingsvindauge for norsk husflid. 

Norges Husflidslag har det faglege ansvaret for tevlinga. 

Alle innsendte produkt blir vurdera vidare til våre særskilte utmerkingar. For 2017 har vi gleda av å annonsere desse vinnarane: 

NYSKAPINGSPRISEN

Nyskapingsprisen vert dela ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter», og vert i 2017 dela ut til Marianna Brilliantova for ringane ho har levert inn i rekruttklassa i sylv.

Arbeidet til Marianna Brilliantova er inspirert av Hallingdalsbunaden, og har gode røter i våre handverks- og husflidstradisjonar. Det syner nyskaping både i høve til bruk av materialer og ved å sette eit tekstilt mønster inn i ein heilt ny kontekst.

Marianna er opprinneleg frå Kiev i Ukraina, og var ferdig med sin Master i Tradisjonskunst Sylv ved HSN, campus Rauland i vår. Frå i haust av startar ho å arbeide som gullsmed i Oslo.

Dommarane seier: «Desse produkta fyller alle kriterier for å motta Nyskapingsprisen. Overføringen av bunadssaum til eit nytt medium i akryl er spanande, og med tydeleg referanse til tradisjonen. Val av materiale og format er forfriskande, med ein ny setting som gjev nye perspektiv.»

Prisen er gjeven av Norges Husflidslag, og lyder på kr. 5.000,- i tillegg til diplom.


STIMULERINGSPRISEN

Stimuleringsprisen skal gå til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid.

Stimuleringsprisen 2017 går til Asbjørn Skogjordet for staskniven han har levert inn i kategorien Kniv. 

Asbjørn Skogjordet er frå Nes Verk i Tvedestrand kommune, og har knivmaking som hobby. Han er ein ypparleg representant for dei utøvarane som held den utdøyande tradisjonen med staskniv i hevd.

Staskniv er av dei tradisjonane som er raudlista av Norges Husflidslag. Med denne prisen ynskjer dommarane både å stimulere ein utmerka handverkar til vidare arbeid, og å stimulere knivmiljøet til å vidareføre dette handverket.

Dommarane seier: «Dette er ein kniv med høgaste vanskegrad, og med suveren gravering, både i sylvet og på bladet. Mønsteret i akantusen er svært godt, spesielt i sylvet. Alle element harmonerer godt, og det er god balanse mellom dekorerte og udekorerte flater. Doppknappen og øvre doppholk framhevar heilheten i sylvarbeidet.»

Prisen er gjeven av Dyrsku’n Arrangement AS og lyder på kr 5.000,- i tillegg til diplom. 

Kniv, Stimuleringspris - Dyrsku'n 2017

NORGES HUSFLIDSLAG DIPLOM FOR GODT HANDVERK

Diplomet vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg med eit særs godt handverk i tevlinga. Produktet må oppfylle minst to av fylgjande  kriterier:

  • Produktet skal vera ei vidareføring av norske handverks- og husflidstradisjonar
  • Kreativitet  og nytenking skal lønast
  • Produktet skal syne fagkunnskap

Diplomet vert i 2017 gjeve til:

Anne Kathrine Rønning for kvarde/halslinning i Beltestakk- tradisjon. Dette er eit gjennomført godt teknisk arbeid tufta på tradisjon, og tilført nye element som hevar produktet. Val av farge og komposisjon, samt materiale, er eksepsjonelt. For å lage eit produkt av slik nøyaktighet og kvalitet krevjast det stor gjennomføringsevne over lang tid

Kvarde, Diplom Norges Husflidslag - Dyrsku'n 2017

Hege Iren Aasdal Wiken for veske i pilfletting. Dette er eit gjennomført kvalitetsprodukt som spring ut frå ein tradisjonell teknikk, men med eit nytt formspråk. Formen på produktet gjev høg grad av funksjonalitet, og vitnar om svært god forståele av både materiale og tredimensjonal form. Produktet framstår som gjennomtenkt og med stor bruksverdi.

Korg, Diplom Norges Husflidslag - Dyrsku'n 2017

Dina Tovseth Skomdal for kjole i ull med lærbroderi. Produktet er nøyaktig og godt utført med fin harmoni og heilhet. Mønsteret er godt komponert, og val av materiale er bra i forhold til mønster, passform og uttrykk. Særleg fint med det gylne læret mot det blå ullstoffet, og med avslutningane med knuterad.  Ein flott kjole som vil falle fint rundt kroppen. 

Kjole, Diplom Norges Husflidslag Dyrsku'n 2017