Lær deg å temje kjøttfe

Temmekurs med kjøttfe

mandag 4. september 2017

Det treng slettes ikkje å vere vanskeleg eller tidkrevjande å temje kjøttfe rett frå beite. Det gjeld berre å bruke dei rette triksa til rett tid.

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Elisabeth Haugarne

Du trur det ikkje før du ser det, seier Elisabeth Haugarne, styremedlem i Norsk høylandsfeforening. Ho driv sjølv kjøttprduksjon med høglandsfe, den raggete kurasen med store horn. I fjor arrangera ho temkjekurs heime på garden, og i år tek ho kurset med til Dyrskuplassen i Seljord. 

Lettlærte dyr

Det er interessant for bønder, men òg for alle andre som vil sjå kor fantastiske og lettlærte desse dyra er, seier ho. I fylgje Haugarne er det ikkje spesielt krevjande, men ein må ha den rette kunnskapen. Det gjeld berre å bruke dei rette virkemidla. Det er ikkje noko hokus pokus eller tvang involvera, seier ho.  I fjor temja kurshaldar Søren Brydsø tre ungoksar, og i løpet av 45 minuttar var to av dei tamme nok til at dottera hans på ti år kunne leie dei rundt aleine. Ingen av dyra var leietamme eller hadde hatt grime på frå før. Dei blei henta inn frå utmarksbeite dagen før. 

Høglandsfe er rolige dyr

Til Dyrsku'n har ho òg hyra inn den danske kurshaldaren Brydsø. Danskane er kjent for å vere flinke til å temje og stille ut dyr, forklarer Haugarne. Vi har plukka ut dyr som ikkje er handtera, men som kjem rett frå beitet og er meir eller mindre ville, seier ho. For sjølv om høglandsfe er ein roleg og behageleg rase, kan ungdyra framleis vere utilrekneleg. Og noko av poenget med kurset er å vise nettopp kva ein kan gjere med dei på veldig kort tid. Det er heilt vilt, men det er ikkje noko hokus pokus. Det er enkelt, lovar Haugarne. 

Vil du sjå på? Temjekurset vert heldt på området ved Husdyrhallen laurdag og sundag kl. 10.00-12.00.