Tidleg ute?

29. august 2017

Kjem du tidleg til Dyrsku’n i år? No arrangerer vi i samarbeid med Visit Seljord fantastiske turar der du blant anna kan oppleve noko av det beste Seljord, Vest-Telemark og Telemarkskanalen har å tilby.

Vi har satt opp bussar til dei forskjellige destinasjonane. Alle turane går frå Dyrskuplassen og vi anbefaler å kjøpe billett på førehand for å sikre deg plass ombord. Kjøp billetter her: https://visitseljord.hoopla.no/sales


Tysdag 5. september kl. 09.00 - 16.00

Norsk Industriarbeidermuseum, Vemork

Rjukanfossen gav grunnlaget for Vemork, verdas største kraftstasjon i 1911. På Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork kan du oppleve det fantastiske energieventyret som er grunnlaget for at Rjukan saman med Notodden no er på UNESCOs verdsarvliste.

Vemork er kanskje mest kjent for tungtvatns-sabotasjen under 2. verdskrig. Fleire utstillingar visast, til dømes «Helter i Telemark», «Industriarbeideren 1950 - 2008» og filmen «If Hitler had the bomb».

Krossobanen er Noregs eldste totausbane. Svevebanen blei gitt i gåve frå Hydro til Rjukans innbyggarar slik at dei kunne komme opp på fjellet og få ein smak av sol i vinterhalvåret. Taugbanen tek 4,5 minutt og endar 886 meter over havet.

Gvepseborg Panorama Cafe ligg på kanten av fjellet, derifrå er det spektakulær utsikt og kafeen er «inngangsporten» til Hardangervidda!

Billetten inkluderer inngang og omvising på Norsk Industriarbeidermuseum, Krossobanen opp til Gvepseborg Panorama Cafe. Inkludert buss t/r. Pris 450,- pr. person.


Onsdag 6. september kl. 10.00 - 15.30

Kulturopplevingar i Vest-Telemark

Opplev Morgedal si historie på Norsk Skieventyr. Lær om norsk ski- og polarhistorie gjennom ein multimedia-reise frå 4000 år tilbake i tid - til dagens snowboardere. Få med deg historia om Sondre Nordheim. Museet har kafé og ein hyggeleg museumsbutikk.

Vest-Telemark Museum er eit nytt og moderne museumsbygg. Knytt til museet er det eit tun med over 30 gamle hus, og ikkje minst Eidsborg Stavkyrkje. Eidsborg Stavkyrkje er frå midten av 1200-tallet. Kyrkja er einskipa og blant dei minste i landet. Museet har kafé og museumsbutikk med blant anna mange lokale varer og bøkar.

Billetten inkluderer inngang og omvising på Norsk Skieventyr, Vest-Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg Stavkyrkje. Buss t/r. Pris 325,- pr. person.


Onsdag 6. september kl. 12.00 - 16.30

Telemarkskanalen med M/S Henrik Ibsen

Ei reise på Telemarkskanalen er ein kulturhistorisk seilas. Kanalen har eit fantastisk sluseanlegg som ute i Europa blei rekna som eit «åttande underverk» då den sto ferdig i 1892. Telemarkskanalen er eit levande museum og eit teknisk industrielt kulturminne av stor verdi.

M/S Henrik Ibsen fører oss gjennom sluser og kanalar, over store vatn og ein vakker natur i stadig endring. Denne unike vatn-vegen ser omtrent ut som for hundre år sidan.

Billetten inkluderer opplevinga på Telemarkskanalen med M/S Henrik Ibsen. Buss t/r. Pris 475,- pr. person


Torsdag 7. september kl. 10.00 - 15.00

Kultur -og matopplevingar i Seljord

Telespinn er eit lite og miljøvennleg spinneri med butikkutsal på garden i Svartdal. All produksjon skjer på garden, dvs. heile prosessen frå ull til ferdig garn. Mohair-geitene beiter i nærleiken. Produksjon av strikkeprodukt og vevde teppe.

Eva Bull Holtes Museum ligg på husmannsplassen Sneie i Åmotsdal som blei kjøpt av Eva Bull Holte og mannen på 1950-tallet. Eva Bull Holte henta mange motiv frå Åmotsdal og andre delar av Telemark. Museet opna i 1999 og har gjesteutstillingar kvart år.

Nutheim Gjestgiveri er eit gamalt, tradisjonsrikt kunstnarhotell i Telemark og har vore i familiens eige sidan 1917. Ein fantastisk utsikt over Flatdalsbyen og mot Mælefjell og Skorve. Her er det fleire utstillingar kvar sommar, små konserter og god mat med ein varierande meny. Kunstutstilling og galleributikk.

Billetten inkluderer omvising på Telespinn, Eva Bull Holtes Museum og Nutheim Gjestgiveri. Buss t/r. Pris 275,- pr. person

Billettar til alle arrangement finn du på: https://visitseljord.hoopla.no/sales


Velkomen til ei veke med utrolig flotte kulturopplevingar!

 

Annonse