onsdag 15. februar 2017
Dyrskuplassen har mange høgdepunkt, Countryfestivalen 26.-30. juli med bl.a. Brad Paisley er eit av dei!
Countryfestivalen i Seljord blir i år arrangera for 19. gong, og er med sine 25.000 besøkande Nordens største i sitt slag. I år har dei sikra seg ein av verdas mestselgande country-artist i Brad Paisley! Han kjem til Dyrskuplassen med sitt band «The Drama Kings» fredag 28. juli, og med 22 songar på førsteplass har han eit stort repertoar å spele på. Uvanleg for countryartistar flest, skriv Brad Paisley dei fleste av songane sine sjølv, og har ord på seg for å servere eit av countrymusikkens mest spektakulære sceneshow. Artisten har gitt ut 11 album, og har ei imponerande merittliste: 3 Grammy-statuettar, 14 ACM-awards, 14 CMA-awards og 2 AMA-awards. Vi kan ikkje anna enn å glede oss!
Festivalen har mange andre godbitar å by på heile veka, med blant anna Noregs yndlingar Vassendgutane, Too Far Gone, STAUT, Ni liv og Byting. Artistar blir presentera fortløpande utover våren, følg www.countryfestivalen.no for alle nyheiter.
Billettsalet har opna, sikre deg billettar til sommarens høgdepunkt allereie no!
Mens du venter, kan du kose deg med musikkvideoen til Brad Paisley og hans «Whiskey Lullaby»