Veslestaulen

Veslestaulen på Dyrsku'n

1. september 2017

Besøk årets nyheit på Dyrsku'n!

Tekst: Aina Kristiansen Foto: Dag Jenssen

Veslestaulen vert i år arrangera for fyrste gong, og her vil born og unge få lære meir om samanhengane mellom mat og landbruk. 

Målet er at borna skal få møte norske husdyrrasar og få eit lite innblikkk i samanhengen mellom dyr og mat, fortel Marit Mæland, prosjektleiar i Dyrsku'n.

Kunnskapsformidling er viktig for Dyrsku'n og også dei minste skal få høve til å lære meir. Difor satsar dei på å gje basiskunnskap om mat og landbruk til born under ti år, i tett samarbeid med Nome vidaregåande skule, avd. Søve.

I tillegg til å møte sjølve dyra skal borna få sjå korleis dyrehaldet heng saman med matproduksjon. "Vi vil syne fram at det er dyra som gir oss maten, at du for eksempel kan hente egg hos hønene og mjølk frå kua dersom du vil lage vaflar", seier Marit. Og det blir høve til både ein og fleire smaksbitar på dei unge gjestene. 

Dyra du kan treffe på Veslestaulen: Kalv, kanin, høne, gris, sau og geit.