Årets lokalmat-gründer

Bli kjent med kandidatene til Årets okalmatgründer her!

6. juli 2018

Prisutdeling på Dyrsku'n

Foto: Skjermdump frå Nationen

For fjerde gong skal Årets lokalmat-gründer kårast, og den gjeve prisen vert i år dela ut under årets Dyrsku.

Prisen er eit samarbeid mellom NationenHanen og Meny som alle har sterke grunner til å vere avsendar av kåringa.

«Vi er opptekne av å heidre hardtarbeidande gründerar, produsentar og idé-skaparar rundt om i Noreg», seier Bernt Bucher Johannessen, dagleg leiar i Hanen. «Hovudgrunnen for Hanen sin del handlar om å fremje norsk lokalmatproduksjon, og i tillegg er berekraft og ressursutnytting viktige element i kåringa», fortsett den engasjera matentusiasten. «For Nationen er det viktig å spegle «smakseventyret» som Noreg har opplevd dei siste åra. På berre få år har norske bønder løfta seg til verdsklasse innan lokalmat», seier Irene Halvorsen, sjefredaktør i Nationen.

Eli Strand, kommunikasjonsrådgjevar i Meny, uttalar at «vi er den kjeda i Noreg som satsar mest på lokalmat, og har sjølvsagt lyst til å vere avsendar i denne kåringa. Det er verkeleg moro å vere med på noko som folk er opptekne av».

«Prisen handlar ikkje berre om kvalitet, men like mykje om entreprenørskapet. Det er entreprenørskapet vi leitar etter, innovasjonskrafta som viser seg når produsentar skaper meirverdi lokalt i form av nye arbeidsplassar, auka verdiskaping eller ved å bruke for eksempel beiteressursar eller gamle lokale på nye måtar. Slik blir den lokalt produserte maten endå meir verdifull», uttalar arrangørane.

 

Dei 6 nominerte er:

Ask Gård og Ask brygghus, Jevnaker – Ask Gård er årets gjesteutstillar i Lokalmat-teltet, stand Mat14

Dyre Gård, Moss – utstillar på årets Dyrsku, stand A13

Han Sylte, Valnesfjord – gjesteutstillar på Dyrsku’n 2015

Heidrun, Tynset

Nyyyt, Vikeså

Røyland Gård, Engesland

 

Gjennom sommaren kan du fylgje kåringa for 2018 på Nationen.no 

Mellom 20. august – 9. september kan du vere med og stemme på din favoritt i kåringa.

Vinnaren blir avslørt på Dyrsku’n 14. september!