Årets unge bonde

Tidlegare vinnar av Årets unge bonde, Tor Jacob Solberg i møte med den ferske ministeren

15. september 2018

Det var godt oppmøte i teltet då den 14 dagar gamle landbruksministeren Bård Hoksrud ynskte framtidas bønder velkommen til foredrag med Tor Jacob Solberg.

Bilde: Tor Jacob Solberg med oppmoding til landbruksminister Bård Hoksrud

Tor Jacob gratulera den ferske landbruksministeren, og kom samstundes med ei klar oppmoding; «Kom i hug at dette er framtidas bonde, desse som sit her» sa han før han haldt eit brennande innlegg om eigne erfaringar i bransjen.

Det å vere bonde er ein kombinasjon av mange eigenskapar og er ikkje ein enkel jobb, seier han engasjert. Det har mange kjent på kroppen i år, med lite nedbør og dei utfordringane det fører med seg. 

Han fortalte om møte med storbonden på New Zealand som hadde over 400 dyr, då han sjølv kjem frå gard der dei hadde 14 dyr. Han legg vekt på at storleiken på garden er ikkje det som bestemmer kor flink du er, men måten du driv på. Det viktigaste du kan gjere er å utnytte dei ressursane du har på ein god måte, tenke berekraftig og ha det moro.

Noreg treng ein ny generasjon bønder som tenker nytt, som tør å satse på eit berekraftig og framtidsretta landbruk, der teknologi og ressursar må utnyttas på nye og meir effektive måtar.

Bilde: frå venstre Magnus, Daniel, Eivind og Håkon synast Dyrsku'n er ein fin møteplass og er spente på kva framtida bringer.

«Årets unge bonde» er eit tiltak for å løfte fram og synleggjere dyktige unge bønder for å inspirere ungdom til å satse på denne næringa.

I år er det niande året på rad at årets unge bonde skal kårast, og det er Noregs Bygdeungdomslag, McDonald's og Felleskjøpet Agri som er arrangørar.

Tema i år er berekraft, og vinnaren blir kåra på landbruksmessa Agroteknikk i Lillestrøm 10. november. Den nye landbruksministeren sit som juryleiar, og invitera tidlegare finalistar til messa for å få innspel på kva som er viktig for framtida.

Bård Hoksrud fortel at regjeringa ynskjer at bonden skal utnytte eige ressursgrunnlag uansett storleik, samt ei auka satsing på lokalmat for at næringa skal utvikle seg vidare. Det krev samstundes ein framoverlent næringspolitikk, avsluttar landbruksministeren til.