Brurepar nr. 15 smidd på Dyrsku'n

Silje og Kjell Vidar gav kvarandre sitt ja under Dyrsku'n 2018

15. september 2018

Laurdag var det nok ein gong pynta til fest på Sterke Nils-tunet. Silje Merete Helle og Kjell Vidar Øyslebø frå Grimstad blei både vigd og smidd i «hymens lenkjer».

Mange hundre tilskodarar stod på plass og venta i spenning då hesten med brureparet kom inn på Sterke Nils-tunet nokre minutt forsinka. Der stod også sokneprest Dag Harald Undheim klar til å ta imot Silje og Kjell Vidar.

Vêrgudane var i høgste grad på brureparet si side då dei gav sitt «ja» til presten og fekk på ringane sine. Men mest originalt er det når smeden Øivind Klausen statar sin seremoni med å smi paret i hymens lenkjer. To hjerte med kvar sin kjetting blir smidd i hop og skal symbolisere ekteskapet. Dette var det 15. paret han har smidd på Sterke Nils-tunet.

Etter seremonien reiste paret til Rauland for å feire vidare med 70 inviterte gjester.

Dyrsku'n gratulerer det nye ekteparet med kvarandre og framtida!