Bryllaup på Dyrsku'n

Vi søker etter årets brurepar på Dyrsku'n 2019. Er det deg?

6. desember 2018

14. september 2019 ventar på årets brurepar. Er det dykk?

Skal du gifte deg i 2019? No har du moglegheit til å bli årets brurepar på Dyrsku’n!

Eit bryllaup er i seg sjølv ein svært spesiell og minneverdig dag. Eit bryllaup på Dyrsku’n er ei unik oppleving som få andre får oppleve.   

Vi kan tilby hesteskyss og spelemannslag, ein kyrkjeleg eller borgarleg vigsel og smiing i Hymens lenker med påfølgande privat bordsete etter seremoniane. Vi koordinerer det heile, så de slepp å stresse for mykje på bryllaupsdagen og heller kan fokusere på å nyte augneblikket og kvarandre.

Å bli smidd i Hymens lenker er ein gammal tradisjon som fortsett blir praktisert i Gretna Green, Skottland. Hymen er guden for bryllaup og ekteskap i gresk mytologi og romersk religion, og seremonien er ei stadfesting på det løftet brureparet har gitt kvarandre i vigselen.

Årets brurepar, Silje og Kjell Vidar, synast det var ein fantastisk begivenhet, og eit kjempebra opplegg. Dei kan anbefale opplevinga på det sterkaste til neste par ut! Dei opplevde dagen som "sin", trass alle dei ukjente gjestene som kom for å sjå på vigslinga og smiinga saman med brurefylgjet. Vi syter for at dykkar ynskje blir tekne vare på på denne store dagen, og syr det heile saman med dykk, prest, smed og kjøgemeister. 

Vil du ha ei annleis feiring av bryllaupet ditt? Send oss ein søknad på post@dyrskun.no innan 15. mars 2019 og fortel kvifor de har lyst å gifte dykk på Dyrsku’n.

Har du spørsmål? Ring oss gjerne på telefon 35 06 57 70!