Søknadsskjema for Dyrsku'n 2019 ligg ute!

Romstad Gård fekk "Årets Matprodukt" på Dyrsku'n 2018

22. oktober 2018

Dyrsku’n 2018 er vel overstått, og vi har allereie begynt å rette blikket mot 2019.

Vi takker alle dykk som deltok på årets marknad og var med på å gjere Dyrsku’n til den unike marknaden den er - og vi ynskjer dykk velkommen tilbake neste år.

Du kan frå i dag logge deg inn i vårt kundesenter og sende inn ein søknad for Dyrsku’n 2019. Vi tek atterhald i justeringar av standprisen.

Les reglane for Dyrsku’n 2019 her og gjer deg godt kjent med dei. Med å sende inn søknadsskjemaet stadfester du at du er gjort kjent med reglane, og godtar at du er bunden av desse.

Når du fyller ut skjemaet vil vi oppfordre deg til å legge inn søkeord i fritekst-rubrikken. Det er mange som er innom Informasjonen og spør etter spesielle produkt, og det du legger inn i dette feltet er søkbart på heimesida vår og i Dyrsku-appen. Til dømes merke på bil, traktor, maskinar o.l. er lurt å legge inn. Vi har ikkje alltid oversikt over kven som sel dei forskjellige merka, det kan hjelpe oss til å betre kunne hjelpe publikum til å finne det dei leitar etter.

Søknadsfristen er 1. april 2019, og tildelinga vil skje så fort som råd etter denne datoen. Fyrste inntak vil vere klart medio mai, og dei som har fått tildelt standplass vil få ein e-post frå oss med standnummer og nærare informasjon.

 

Vi håpar å sjå dykk på Dyrsku’n 13.-15. september 2019!