Frå opningstale til mjølkefinale

Mjølkekonkurranse

14. september 2018

Det er vel ikkje kvar dag sjølvaste statsministaren har følgjande avtale notert i kalenderen sin: «mjølkekonkurranse».

Følgjande lag deltok i Dyrsku'n sin mjølke-konkurranse: 

Statsministar Erna Solberg, Farmen-kjendis Vendela Kirsebom og landbruks- og matminister Bård Hoksrud mot Farmen-kjendis Petter Pilgaard og partileiarane Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre. 

Statsministar Solberg prøva seg på å ein liten utpsykings-manøver før start med replikken «Meg og Vendela har en fordel, da vi er de eneste i konkurransen som har kjent på melkespreng». 

Og for ein thriller av ein konkurranse det blei! 

Statsministerlaget med Vendela i spissen imponerte i fyrste runde. Det herskar ingen tvil om kven som er den beste mjølkaren i husstanden Kirsebom – Pilgaard! I andre runde drog partileiar og bonde Trygve Slagsvold Vedum det lengste strået. Landbruks- og matministeren, som nett hadde funne ut at kua har 4 spenar, måtte sjå seg slått. 

Ankeretappen stod mellom Solberg og Gahr Støre. Dei som følgjer med i sosiale media kan hende har fått med seg Støres innlegg på Facebook med instruksjonsvideoen «hvordan melke en ku»? Støre beviste at YouTube har ein instruks for alt, og slo statsministeren i sin mjølkedebut. 

Då mjølka skulle målast opp var det mest dødt løp mellom laga. Men Pilgaard, Vedum og Støre vart til slutt utropt som vinnarar. I seiersrusen, godt hjelpt av eit engasjert publikum, tok Pilgaard ein «bånnski» og tømte i seg laginnsatsen. Mogleg det no er fleire som får kjenne på mjølkespreng…