Høgtidsstemning under premiering av husflidstevlinga

Eva Flatin delar ut Stimuleringspris til Ronja Revilla Fagerheim

16. september 2018

Det var ei særs høgtideleg stemning i Husflidshallen når det vart skipa til premiering i husflidstevlinga.

Bilde: Stimuleringsprisen gjekk i år til den unge og lovande Ronja Revilla Fagerheim.

Ramma vart sett med ein flott minikonsert med Ågapet Mannskor.

Totalt har Husflidstevlinga 2018 158 arbeid. Fagkonsulent for husflid, Eva K. Flatin, fortel at det å ta i mot alle desse arbeida er som joleftan: «Det er så mykje utruleg flott handverk». Og publikum veit å setje pris på det som vert synt fram. «Fleire gonger høyrer vi «dette er Noregs flottaste utstilling»», seier Flatin.  

Av dei 158 arbeida som er vurdert i 6 kategoriar, nådde 33 arbeid opp til fyrste premie, 35 til andre premie og 39 til tredje premie.

Noreg Husflidslag sitt Diplom for godt handverk blir delt ut til utøvarar som utmerkar seg med særs godt handverk i tevlinga. Tre diplomar vart delt ut til: Evy Eilertsen for rosesaum til Tinn-bunad, Monica Kjellman-Chapin for smidde veggur og Birger Bergland for kubbestol i sølvlønn.

I tillegg vart det delt ut to særprisar. Styreleiar i Norges Husflidslag, Barbro Tronhuus Storlien, stod for overrekkinga. Stimuleringsprisen 2018 gjekk til Ronja Revilla Fagerheim. Ho fekk ein gåvesjekk på kr. 5000,- frå Dyrsku'n Arrangement AS i tillegg til diplom.

Heidersprisen 2018 gjekk til Annemor Sundbø. Ho har i ei årrekkje vore ein sterk forkjempar og formidlar av kultur og tradisjon knytt til tekstile teknikkar både nasjonalt og internasjonalt.

Sundbø trakk i si takketale fram berekraft. «Skal ein ha kraft til å bere kunnskap inn i framtida må det skje gjennom oppleving og formidling», seier Sundbø. Ho poengterte og at berekraft tidlegare låg i handverket, i kvaliteten og bearbeiding av dette. Ein talte ikkje timar, det viktige var om sluttproduktet kunne vare 30 år lengre. «No er det økonomien som tel, og arbeidet vert vurdera i høve til talte arbeidstimar og tariffar», seier Sundbø. Ho avslutta innlegget sitt med følgjande appell: «Vi må lære å nytte norsk ull att, til alle formål – ikkje berre på kroppen!»