Husflidstevlinga 2018

Husflidstevlinga på Dyrsku'n

1. mars 2018

Vi ynskjer med dette å invitere til deltaking i Husflidstevlinga og –utstillinga Dyrsku'n 2018!

Dyrsku'n har som siktemål å syne fram kvaliteten og mangfaldet husflids- og handverksfeltet har å by på, samt å stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering.

Dyrsku'n feira 150 år i 2016 og får kvart år besøk av over 90.000 gjester og 750 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963, og fokuset har hovudsakleg vore på tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket.

Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku'n 2018 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet.

Vi har i år eit særskild fokus på norsk ull, blant anna gjennom gjennom særutstillinga «Norsk ull – kvalitet i særklasse». Hovudutstillar er Kristin Holte, som syner sine krotekofter, og vi oppmodar deltakarar til å la seg inspirere av dette. 

Som ei vidareføring av fjorårets utstilling «Ein kubbe til å stole på» oppmodar vi og deltakarar til å sende inn kubbestolar, gjerne i ny drakt. 

Kven kan delta?
Både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.

Kvifor delta?

Du får produktet ditt vurdert av ein fagjury og du får konstruktive tilbakemeldingar. For å sikre fagtyngda i dette arbeidet har Dyrsku'n eit samarbeid med Norges Husflidslag. I tillegg vil det å delta vere med på å marknadsføre og synleggjere deg som handverkar og produsent, samt at du er med på å sette fokus på husflid og handverk.


Påmeldings- og innleveringsfrist er fredag 24. august 2018

Last ned påmeldingsskjema og rettleiing her.

Velkomen som deltakar på Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2018!