Kjøt og kjærleik i Lokalmat-kjøkkenet

Kven er den beste kokken?

15. september 2018

Det er god stemning i Lokalmat-kjøkkenet! Folk har samla seg for å sjå Vendela og Petter kjempe om kven som er best til å steike biff.

Dagens dommar er ingen ringare enn den meritterte kjøkkensjefen Svein Jæger Hansen. Og i kulissene er eit knippe elevar frå vidaregåande skule, framtidas håp for kokkeyrket.

Det vert tidleg klart at Vendela legg mykje kjærleik og omtanke i å førebu biffen sin. Men biff er Petter si greie. Han fortel at det er han som brukar å steike biff heime og legg med det eit visst press på seg sjølv.

I det platene skrus på max, og Jæger Hansen syng av full hals, då føler Petter seg nett som Espelid Hovig. Han dreg på i god, gamaldags fjernsynskjøkken-stil. Med monalege mengder peppar, salt – ja mykje av alt! Og før biffen er i panna byrjar det å lukte godt av krydder, urter og kvitlauk.

Høgdepunktet er flambering i ekte Villmarksakevitt! Flammane står med jubelen i taket, og etter nokre minutt er det klart for prøvesmaking. «Hvor sultne er dere», ropar Petter ut i teltet.  

Dommaren si faglege vurdering går i favør Vendela. Gripen av «restaurantanmeldar-and» tek underteikna ein smak av båe biffane. Eg må sei meg samd med Jæger Hansen, Vendelas biff -  flambert i Villmarksakevitt, er den beste. Kanskje nett fordi den er handsama med ekte kjærleik?