Påmelding til NM i graut 2018

På Dyrsku'n i Seljord kan du bli Noregsmeister i graut!

13. mars 2018

Vi feirar grauten med å arrangere NM i graut på Dyrsku’n!

Den tredje Noregsmeisterskapen i grautkoking blir arrangera på Dyrsku’n 15. september, og vi ynskjer å samle folk som liker graut; smaken, fellesskapet, tradisjonar og det å eksperimentere med nye smaker. Graut kokt på Noregs tradisjonelle kornsortar; bygg og havre, har synt seg å vere ernæringsmessig veldig bra. Og enda betre smakar grauten koka med kjærleik og varme!

Graut er både sunt og godt, samtidig som det er tradisjonelt og nytt. På Dyrsku’n vert det konkurrera i to kategoriar; kvardagsgraut kokt på vatn eller mjølk, eller i kategoriane for tradisjonell festgraut og nyskapande graut der det er opent for kreativitet og utforsking.

Vi veit det er mange dyktige grautkokarar rundt om i landet, og det er mange særeigne grautar basert på ulike råvarer, lokale tradisjonar og nyskaping.

MELD DEG PÅ TIL ÅRETS GRAUTGRAMS HER innan 10. august 2018