Norsk ull - kvalitet i særklasse

Særutstillinga på Dyrsku'n 2018 heiter "Norsk ull - kvalitet i særklasse"

22. juni 2018

Koftefeberen har rasa over landet dei siste åra, og strikking er i vinden som aldri før.

Foto: Åsfrid damekofte, Kristin Holte

Engasjementet er stort og det finst strikkekafear, strikke-festivalar og til og med fleire strikke-podkastar. Utruleg mange flotte bøker med mønster og historikk er gjeve ut, og eigne kofte-grupper på sosiale media både engasjerer og held kunnskap i hevd hos sine mange medlemmer.

Det strikkeplagget eg hugsar best, er den flotte Fanakofta eg fekk som barn på 70-talet. Med åttebladsroser og striper i kvitt og lysande raudt syns eg at den var så fin, og kofta vart flittig bruka. Sorga var difor stor då kofta vart utsett for styrtregn, då vi ein sommar måtte rømme unna eit forferdeleg uvær i sørlands-skjærgarden nattetid, og eg dagen etter oppdaga at dei fine raude stripene hadde blødd over på det kvite. Kofta vart aldri bruka igjen.

Norsk ull – kvalitet i særklasse

Strikking er eit tidkrevjande arbeid som verkeleg fortener at ein vel gode og haldbare materialar. Slik kan høgt elska klesplagg halde seg fine i lang tid, i enkelte tilfelle heilt til neste generasjon kan ta plagga i bruk. Vi har i dag eit veldig godt utval av ullgarn av høg kvalitet, og Norges Husflidslag har gjennom sitt treårige prosjekt «Ullialt» hatt eit særleg fokus på kvalitet og bevisstgjering rundt val av materiale, og på å fremje den eineståande ulla frå det norske landbruket.

Prosjektet «Ullialt» er i år i avslutningsfasen, og saman med mellom andre Norges Husflidslag og Norilia vil Dyrsku’n sette eit spesielt fokus på ull som eit berekraftig materiale med svært høg kvalitet. Dette gjer vi blant anna gjennom særutstillinga «Norsk ull – kvalitet i særklasse».

Kristin Holte, som tok i mot Nyskapingsprisen Dyrsku’n 2016 for si fargerike og flotte veggfrise inspirert av kritkroting, er hovudutstillar i denne utstillinga. Ho har vidareført konseptet med å bruke kritkroting som inspirasjon for tekstile arbeid, og i 2017 gav ho ut boka «Krotekofter». Det er kun bruka norsk ull til oppskriftene i boka, og garnet er henta frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, Sjølingstad Uldvarefabrikk og Telespinn AS.

Sjølv om strikking nok er det dei fleste forbind med ull og ullgarn i dag, er jo ull så mykje meir enn kun strikkeplagg. I utstillinga vil publikum difor få sjå andre typar produkt laga av norsk ull frå både kjende og mindre kjende produsentar. Med på laget har vi mellom andre Varp & Veft, Selbu Spinneri, Rauma Ullvarefabrikk, Røros Tweed, Krivi Vev, Telespinn og Fredriksens Fabrikk, som vil syne alt frå ullsålar til bekledningsstoff og interiørtekstilar.

Stoppestaden

Dyrsku’n ynskjer og å sette fokus på gjenbruk og reparasjon av plagg, og årets demonstrasjon i Husflidshallen er difor stopping av ullplagg. Ei av dei utfordringane verda står ovanfor i dag er det store forbruket av klede, og i tillegg til å ha fokus på materiale er det viktig å reparere dei plagga vi alt har, i staden for å berre kaste.

På Stoppestaden vil Annemor Sundbø si utstilling av stoppa sokkar bli presentert, og publikum vil kunne sjå stopping av plagg i praksis. I tillegg vil det vere mogeleg å få prøve seg på å stoppe, gjerne på eigne plagg.

«Ull-ivi-alt» på Dyrsku’n

Temaet ull går i år som ein raud tråd gjennom heile Dyrsku’n, og vil vere synleg på mange andre arenaer enn i Hall B. På Dyrsku’n si grøne lunge, Sterke Nils-tunet, vil det vere dreiing av stoppe-soppar og smiing av diverse nåler. I Gongestogo syner Vest-Telemark Museum fram ei utstilling av reiskap knytt til ull, samt prosessar i forhold til bearbeiding av ull, og hos Ung Husflid i Loftet og Telemark Husflidslag i Dalane Skule, vil barn og unge kunne prøve seg på å bearbeide kortreist ull, nyklipt frå sauene i Husdyrhallen, til ferdige produkt og plantefarging av ullgarn i Sterke Nils-tunet.

Kvifor velje norsk ull?

Ull er eit materiale med lang tradisjon i Noreg, og den norske ulla er, i motsetnad til store delar av verdas tekstilindustri, både miljøvennleg og kortreist. I tillegg er den eit etisk godt produkt frå dyr som har vakse opp i eit kaldt og reint klima, med lite sjukdom og minimal bruk av sprøytemidlar.  

Sidan sauen er tilpassa vårt våte og kalde klima, gjev dette ulla heilt spesielle bruks-eigenskapar. Den kjem difor veldig godt ut dersom ein samanliknar den med ull frå andre delar av verda, og er av den grunn svært ettertrakta på verdsmarknaden. Den norske ulla er glansfull, spenstig og elastisk. Den er slitesterk og isolerer godt både mot varme og kulde, og den er flammehemmande og miljøvennleg. I 2015 vart den reine og vaska norske ulla frå Norilia tildelt det nordiske miljømerket Svanemerket, som den fyrste og einaste ulla i verda.  

Ull er eit levande materiale med god evne til å motstå smuss, og av den grunn treng ikkje  ullplagg å vaskast så ofte. God lufting og litt "kvile" gjer ofte susen, og så er plagget klart til bruk igjen. I tillegg til å spare miljøet, er dette med på at plagga held seg fine i lang tid. Skulle ein likevel ha behov for å vaske ullplagga, er det godt å vite at dei gode brukseigenskapane til norsk ull gjer at plagga held godt på fasongen, sjølv etter gjentakande vask.

Det er ikkje alltid så lett å vite om den ulla ein kjøper er norsk, enten det gjeld plagg eller garn. Dette kjem, ifølge Norges Husflidslag, av at det per i dag ikkje finst nokon god form for merking. Dette er midlertidig noko av det prosjektet «Ullialt» har jobba for å finne ei løysing på. I mellomtida oppmodar vi forbrukarane til å vere bevisste på kvar ulla er produsert, og til å våge å stille spørsmålet: «Kvar kjem ulla frå?»

Les også:

Hvor grønn er den norske ulla?

Ta vare på ullkvaliteten - med norsk ullstandard