Smaken av eit langstrekt land

Lokalmatprodusentar frå Telemark samlar seg i eigen stand på Dyrsku'n

fredag 24. august 2018

I Matteltet under Dyrsku’n i Seljord får du sjå – og smake – mangfaldet i kortreist, lokal mat frå heile landet.

Interessa for lokalprodusert mat er stor, men du treng slettes ikkje å reise land og strand rundt for å smake deg gjennom herleg lokalmat frå jord og fjord, skog og fjell. Det held med ein tur innom Matteltet på Dyrskuplassen i Seljord. Her er heile landet representert, og du kan nyte alt frå fersk frukt og søte syltetøy til smakfulle ostar og saftige lefser.

Nytt for året er at Telemark blir samla på ein eigen paviljong. Her kan du blant anna setje tenna i saftfulle plommer og krema ostar, lepje i deg søt saft eller smatte på fyldig sjokolade frå lokale produsentar i Telemark.

Ein ekte eplefest

Nettopp i Telemark er det eitt produkt som har blitt sjølve symbolet på fylkets lokalmat-rikdom: eplet. Søte, syrlege, sprø, saftige eple.

Produsentar av telemarkeple blir samla i ein felles informasjonsstand i Matteltet. Her blir det pressing av eplesaft og tørking av eple – og sjølvsagt smaksprøver av ulike sortar.

Standen er eit samarbeid mellom Telefrukt, Norsk Eplefest og Dyrsku’n.

I 2016 fekk telemarkeple godkjent «beskytta geografisk betegnelse» frå Matmerk, noko som tydar at det er ei sterk kopling til det geografiske området.

Rett frå produsent til kunde

Å produsere mat i ein liten skala kan by på utfordringar når produkta skal ut til kunden. Gjennom matnettverk kalla reko-ringar kan kundar bestille varer direkte frå produsentar via Facebook. Varene blir så levert ut til avtalt tid og stad.

I Noreg er reko-ringane ein del av Norsk Bonde- og Småbrukarlag-prosjektet Matnyttig. Den første vart etablert i november i fjor, og det var 20 aktive ringar før sommaren. 10 nye ringar, blant anna i Grenland, starta opp i sommar. No sel om lag 300 produsentar varer til om lag 60.000 kundar. I Matteltet kan du lære meir om korleis reko-ringane fungerer.

Under Dyrsku’n opprettar vi ein «REKO – Dyrsku’n 2018» på Facebook. Der får utstillarane moglegheit til å legge inn sine produkt. Du som besøkande kan bestille produktet og hente varen til avtalt tid. Ta varene med deg heim, og lag freistande rettar utover hausten.

Velkommen til folkefesten på Noregs største handels- og landbruksmesse, Dyrsku’n 14.-16. september!