Smakshandverkarar med øl som fortel historier

Petter og Lothepus på ølsmaking med Vinje Bryggeri

lørdag 15. september 2018

I Noreg har det dei siste åra vore ein liten øl-revolusjon og det har vokse fram ei mengde mikrobryggeri.

Eit av dei finn du i fjellbygda Vinje. Vinje Bryggeri er debutantar på Dyrsku'n og har invitert til ølsmaking.

Det herskar ingen tvil om at interessa for handbrygga øl er stor. Det er fullt i lokalet der 35 forventningsfulle prøvesmakarar har samla seg, deriblant Petter Pilgaard og Lothepus. Og vi gjeng rett på smak! Det er i alt 5 ølsortar som skal smakast på, og den eine av dei er så rykande fersk at det ikkje er laga etikett til han enno.

Ølet frå Vinje Bryggeri vert både brygga og servert med historier. Det smakast og knisast i Storstoga og folk tek i mot både gode historier og godt øl. Det er tydeleg at dette er ein eineståande kombinasjon!

Visste du at den klassiske pilsen Hanahomen ber namnet sitt frå ei øy i Vinjevatn? Dette er dermed verdas minste øy med eige brygg. «Det er vel ikkje mykje de sel om de skal padla ut og henta det», seier Lothepus til den historia.

Motbakkeølet har fått namnet sitt etter presten i Vinje. Han tykte det var flott med bryggeri i heimbygda og ein god møteplass for lokalbefolkninga. «Det er berre så synd at eg har så mange motbakkar når eg skal heim att», sa presten. Og dermed såg Motbakkeølet dagens ljos.

Debutantane på Dyrsku'n kan fortelje at dei er 4 vener som førebels driv det heile på dugnadsbasis. 4 x 450 liter øl bryggast kvar månad og dei deler på jobben med distribusjon. Førebels er det i hovudsak Vest-Telemark som får nyte fjell-ølet. Men etterkvart er det og blitt nokre utsal i Skien og Porsgrunn.

Når ein først skal brygge øl i Vinje er det kan hende naturleg å gjere det til heider for Aasmund Olavsson Vinje. Ølet Tvisyn har fått namnet etter målmannen som hadde evna til å sjå ei sak frå fleire sider. Med denne historia skjenker Sonja Sandvik dei siste glasa med ølmagi og dagens smakarar vender fornøgde ut att i folkemengda på Dyrsku'n, nokre historier og smaksopplevingar rikare.