Statsminister Solberg til Dyrsku'n

Erna Solberg_Foto Thomas Haugersveen Statsministerens kontor

29. august 2018

Statsminister Erna Solberg besøker Dyrsku’n 14. september.

Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor

Statsministeren skal halde den offisielle opningstala og delta i den store landbruksdebatten som er ein del av opningsprogrammet fredag kl. 15.00.

Panelet  i landbruksdebatten er politisk topptungt og vil utover statsministeren bestå av Landbruks- og matminister Bård Hoksrud, Ap-leiar Jonas Gahr Støre, og SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Tema for debatten er tørke, klima og berekraft. «Vi er glade og tilfredse med at den politiske eliten i Noreg ynskjer å vere med å setje fokus på desse viktige problemstillingane på Dyrsku’n. Som Noregs største handels- og landbruksmesse skal Dyrsku’n vere ein arena der store nasjonale og internasjonale spørsmål blir belyst. Vi ser fram til ein spennande og nyttig debatt om eit tema som er blitt svært aktualisert i løpet av ein utfordrande sommar for norsk landbruk», seier dagleg leiar i Dyrsku’n, Geir Helge Espedalen.

Årets Dyrsku har eit omfattande og spennande program for alle som gjester den tradisjonsrike marknaden. Det vil vere grilling av grangris, spennande debattar i Møt landbruket-teltet, smakar frå heile Noreg  og eit vell av aktivitetar for heile familien.

Vi ynskjer velkommen til folkefesten Dyrsku'n 14.-16. september! 

Bli kjent med årets program her