Temperatur og takhøgde

Kvifor kasta dei egga? Debatt om dyrevelferd - Møt Landbruket-teltet laurdag 15. september kl. 13.00

6. september 2018

Årets debattar i Møt Landbruket-teltet tek for seg nokre av vår tids viktigaste spørsmål.

Under paraplyen Møt landbruket skal både innvigde og uinnvigde få betre kjennskap til landbruket gjennom debattar, faglege foredrag, informasjon og demonstrasjonar. Den landbruksfaglege satsinga skjer på to ulike arenaer: Husdyrhallen og Møt Landbruket-teltet.


Laurdag kl. 13.00

«Kvifor kasta dei egga?» Debatt om dyrevelferd. Egg frå produsentar som har høner i bur med miljøinnreiing er kasta ut av hyllene i 2 av 3 daglegvarekjeder, trass for at produksjonsforma er godkjent av myndigheitene. Kven er det som eigentleg skal bestemme kva som er god dyrevelferd? Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, Margrethe Brantsæter, dagleg leiar i Norsk Fjørfelag, Kaia Østbye Andresen, leiar for samfunnsansvar og miljø i Rema 1000 og Knut Lutnæs, miljøsjef i Coop Norge diskuterer kva for plass dyrevelferd skal ha i matproduksjonen i Noreg.


Laurdag kl. 15.00

«Kven skal eige jorda»? Over heile verda er det kamp om jordressursane. Korleis påverkar eigarskapet til jord verdas matproduksjon?

Syskena Solvor og Ole-Einar Småkasin arva garden i Hjartdal etter at foreldra omkom i ei flyulykke då dei var små, men har møtt sterk motstand mot å dele eigedommen mellom seg. Etter lang tids kamp har dei no endeleg fått gjennomslag for deling av eigedommen, etter at Landbruks- og matdepartementet gjorde om på Fylkesmannen sitt vedtak om å ikkje akseptere deling. Men kan oppsplitting av slike eigedommar svekke norsk landbruk? Ordførar i Hjartdal Bengt Halvar Odden, Hanne Alstrup Velure (H) og tidlegare landbruks- og matminister Terje Riis-Johannessen diskuterer lokale konsekvensar av nasjonal politikk i Hjartdal-saka. Innleiing ved Helge Nymoen.  Debatten vert leia av Kato Nykvist, politisk redaktør i Nationen. Det blir og presentasjon av Nationens prislønte reportasjeserie «Kven skal eige jorda».


Andre debattar i Møt Landbruket-teltet

Fredag kl. 13.00 møtast verdikjeda til samtale og diskusjon om den norske ulla.  Etterspurnaden aukar, forbrukarane ynskjer berekraft og kvalitet, medan næringa vert pressa av ytre faktorar. Kan bondens inntekter frå ulla doblast? Stein Terje Moen frå Norilia, Trine Norheim frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik, Ingun Grimstad Klepp frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO og Merete Furuberg frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Fredag kl. 14 kan du møte Årets unge bonde 2015, Tor Jakob Solberg. Høyr han fortelje om korleis du kan lykkast som ung bonde.

I tillegg har ein umake duo funne tonen saman etter 35 år. Halvor Kleppen og Knut Buen kjem med showet «Skjemt og alvor med Knut og Halvor» som vart tatt svært godt i mot på premieren i august. Det blir historier, spikk og musikalske innslag frå radarparet.

For fullt program, last ned appen vår eller les meir her.


Informasjon, quiz og konkurransar

I Husdyrhallen kan du møte representantar frå ei rekke landbruks-organisasjonar og bli betre kjent med tradisjonelle, norske husdyr. Jan Thorsen, organisasjonssjef i Telemark Bondelag, seier at Møt landbruket er meir enn ein viktig møteplass for bønder.

 

– Vel så viktig er det å gje forståeleg informasjon til dei som ikkje sjølv driv med landbruk og matproduksjon, seier han.

 

Det blir landbruksquiz for born og vaksne, og ein tippekonkurranse kor du kan tippe vekta på skinke, ost og ei korg med fjørfeprodukt. Dyra i 1. etasje gjer at dei som kjem får ein praktisk og direkte kontakt med landbruket.

Husdyrhallen

Møt tilsette og tillitsvalde med høg kompetanse på fagfelta sine.

I 1. etasje finn du organisasjonar som representerer landbruket:

  • Animalia
  • GENO
  • Høgskolen i Hedmark, avdeling for anvendt økologi og landbruksfag
  • NMBU
  • Nome vidaregåande skule, avd. Søve
  • Norges Kaninavlsforbund
  • Norsk Bufe
  • Norsk Landbruksrådgivning Østafjells
  • Norsvin Telemark
  • Nortura SA
  • Sør Pelsdyrlag
  • Telemark Fjørfelag med Team egg i Nortura
  • Telemark Hesteavlslag
  • Telemark sau og geit
  • Tine Rådgiving og Medlem
  • Tyr Telemark SA
  • Vest-Telemark lamalag
  • Norilia

Dyra

Sjå seminoksar, lam, kylling, mjølkekyr (NRF), ku og kalv av telemarksfe, lama, kanin, bier, fjordhest, dølahest, gris med grisungar.

 

I 2. etasje finn du nokre av organisasjonane som samarbeider om Møt landbruket:

Telemark Bondelag, Felleskjøpet Agri, Nortura, Tine, Telemark Bonde- og Småbrukarlag, Gjensidige, Landkreditt, Norske Landbrukstjenester og Telemark Bygdekvinnelag.