Utdeling av Kulturminnefondets handverkarpris

Håkon Fjågesund frå Seljord fekk Kulturminnefondets Handverkarpris

15. september 2018

Håkon Fjågesund frå Seljord fekk Kulturminnefondets Handverkarpris på Sterke Nils-tunet laurdag.

Bilde: Dalan-buret (1879) vart flytta frå Seljordsheia til Dyrskuplassen på 2000-talet. Håkon deltok på flyttinga som Sigurd Telnes hadde ansvaret for. 


Utmerkinga blir gjeven til ein ung, lovande og engasjera handverkar som har vald eit utdanningsløp i tradisjonelt handverksfag og har vist evne til å arbeide målretta over tid.

Prisvinnaren har ein bachelorgrad i arkeologi, mykje arbeidserfaring med både freda og verneverdige bygg, og fullfører i desse dagar ein bachelorgrad i tradisjonelt bygghandverk på NTNU i Trondheim. 

"Å ta vare på kulturarven er ei givande oppgåve og set store krav til handverkaren", uttalar prisvinnaren. Håkon har arbeidd med bygg frå så tidleg som 1200-talet og opp til i dag. Bruk av tradisjonelle reidskap kan vere med på å gje verdifull innsikt i gamle skikkar og metodar, sjølv om det ofte kan virke tungvint.

Kulturminnefondet og Riksantikvaren har ei sentral rolle i arbeidet med bygningsvern. Dei har både kompetanse, erfaring og ikkje minst ordningar der byggeigarar kan søkje om å få tilskot til istandsetting. Tilskotsordninga frå Kulturminnefondet er eit tilbod til private eigarar av kulturminner og støtter tiltak på alle former for faste kulturminner. Typisk er det buplassar, hus og bygningar, båtar og fartøy, hageanlegg og kulturlandskap som fell inn under ordninga. 

"I framtida må vi bli flinkare til å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane som er rundt om i landet. Vi må bli flinkare til å sjå dei immatrielle verdiane både i handverket og i bygningane. Vern gjennom bruk er eit område det bør fokuseras på", uttalar Håkon.