5 på gata

5 på gata

søndag 15. september 2019

Vi har møtt 5 blide utstillarar og spurt kva dei vil anbefale på Dyrsku'n.

Spørsmål:

  1. Kva gjer du på Dyrsku'n?
  2. Kva vil du anbefale ikkje å gå glipp av?
  3. Kor mange gonger har du vore her tidlegare?
Tina Kjærvik, på stand for Varden (øvste bildet)
  1. Eg jobbar og sprer god stemning. Eg har ete bakt potet, prøvesmakt godteri. Og så har eg leita etter dei luene som eg brukar å kjøpe på Dyrsku'n, men dei er ikkje her lengre. 
  2. Stemninga og folkelivet. Det er det som er kult her. Og så Lokalmat-teltet.
  3. Det begynner å bli mange, eg tippar seks år.
5 på gata

Roy Jensen (t.v.) på stand for Felleskjøpet.

  1. Eg sel Steel motorsag.
  2. Det må jo bli Felleskjøpbutikken, hehe.
  3. Skal vi sjå, eg har vore her 13 gonger tidlegare. 

Trond Ellefsen (t.h.)

  1. Eg står på stand for Felleskjøpet.
  2. Vi har eit knalltilbod på sager, som folk må kome og sjå.
  3. Eg har vore på Dyrsku'n tre gonger tidlegare.

5 på gata

Øystein Øygarden, på stand for Vest-Telemark Blad.

  1. Eg står på stand og snakkar med folk. Vi har ein kjempepopulær konkurranse her, og så håpar eg sjølvsagt at vi får nye abonnentar i løpet av helga. 
  2. VTB-standen!
  3. Eg er 39 år, så det er vel nesten i alle dei åra. 

5 på gata

Tobias Liavaag Christoffersen, på stand for Magasinet

  1. Eg betjener kundar, er seljar og medarbeidar for Magasinet. 
  2. Nå ser ikkje eg så mykje anna utanom denne standen. Eg går ut ifrå at folk som kjem hit er turinteresserte, så eg anbefalar å kome hit til oss for gode tilbod. 
  3. Dette er mitt første Dyrsku-år.

5 på gata

Anthine Moen, på stand for Intersport Seljord.

  1. Eg jobbar på stand, kikkar litt rundt her og der. Eg er særleg interessert i handarbeid, så eg er inn og ser på husflidsutstillinga, og så har eg hund, så eg kikkar etter hundeutstyr. 
  2. Sidan det er ei type landbruksutstilling og fesjå, synast eg folk bør få med seg det som skjer i Fjoset, pluss alle småprodusentar av mat og handverk. Det ligg så mykje arbeid bak det dei driv med.
  3. Kvart år sidan eg blei fødd, så då har eg vore her i 29 år.

Tina Kjærvik, på stand for Varden.

  1. Eg jobbar og sprer god stemning. Eg har ete bakt potet, prøvesmakt godteri. Og så har eg leita etter dei luene som eg brukar å kjøpe på Dyrsku'n, men dei er ikkje her lengre. 
  2. Stemninga og folkelivet. Det er det som er kult her. Og så mathallen.
  3. Det begynner å bli mange, eg tippar seks år.