Barnas kjøkken

Barnas kjøkken

lørdag 14. september 2019

Læring, mat og moro på Veslestaul-kjøkkenet!

Hovudbilde: Mona Kasin

Matkultursenteret Fra Hage til Mage har fått i oppdrag av Det Norske Måltid å halde matkurs for barn på Veslestaulen på årets Dyrsku, og arbeider for å spreie matglede og kunnskap. «Vi har eit ynskje om å gjere born stolte av norsk mat!», seier dagleg leiar Therese D´Este Thomassen.

Eg kjem raskt i prat med kokkane Thea og Anbjørg. Dei er begge 10 år og kjem frå Øyfjell. Den fyrste oppgåva dei skal løyse er å tilberede heimelaga ketsjup. På spørsmål om dei to lagar mat heime får eg til svar «ja litt, men mamma er best til å lage mat». Men i dag har dei teke vegen til Veslestaul-teltet for å lære korleis maten går frå hage til mage. «Men vi kom ikkje berre for å lage mat altså, vi har køyrd tekoppane og», seier dei to medan dei ivrig kuttar lauk og blandar saman tomatar. 

På menyen på Dyrsku'n står bolinos med heimelaga ketsjup, salat og poteter. Bolinos stammar frå Portugal – eller Brasil. Dei strides visstnok om opphavsretten, men heilt sikkert er det at bolinos betyr små ballar og hovudingrediensane er klippfisk og potet. Alt blandast til ein mos og så vert bolinosane rulla ut og steikt i olje. Steikemeistrane i dag kjem frå Kvinesdal og er 9 år gamle. Erik og Magnus står både forventningsfulle og tilfredse over grytene og gler seg til å servere det ferdige måltidet. Dei vert rettleia av Torill Hole frå Iver & Evne. Ho er ein av gründerane bak 30 barnevennlege oppskriftskort som er forma som små spel, og gjer det dermed lettare for barna å fylgje oppskrifta. 

Og jammen klarar ungane å trylle fram eit framifrå måltid! «Men det skal vere innbydande og setje seg til bords og», seier Therese, medan Øyfjelljentene får i oppgåve å brette serviettar. Og kva skjer med matavfallet? Det vert servert til grisane på Veslestaulen. «Blei dei glade for maten?», spør eg jentene frå Øyfjell. «Nei, grisane søv no, men dei får seg ei koseleg overrasking når dei vaknar», svarar dei. 

Då gjenstår det berre å smake på maten og vi ynskjer både to og firbeinte Bon apetit!

Barnas kjøkken