Bollestad til Dyrsku'n

Olaug Bollestad - Landbruks- og matminister

tirsdag 13. august 2019

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad kjem til Dyrsku’n fredag 13. september for å delta i både politisk duell med Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum og mjølkekonkurranse på Sterke Nils-tunet.

Foto: Torbjørn Tandberg/LMD

«Vi er glade for at den øverste leiinga i norsk landbruk også i år kjem til Dyrsku’n.  I ei tid med store endringar for norsk landbruk trur vi på ein spennande duell mellom Bollestad og Trygve Slagsvold Vedum når «Bonden 2030» skal debatterast under leiing av Erik Aasheim». 

Bollestad skal også dele ut fleire prisar under sitt besøk. Prisen for Årets lokalmatgründer, kunngjering av finalistar til hovudfinalen i Det Norske Måltid og Dyrsku’n sin eigen matpris «Årets matprodukt». 

Det blir også i år mjølkekonkurranse på Sterke Nils-tunet med fleire profilerte deltakarar, der konferansier blir som tidlegare Håkon Marius Kvæken. 
«Konkurransen skapar stort engasjement hjå deltakarane og det er svært populært blant publikum og sjå kjende politikarar og andre utfalde seg på denne litt meir uformelle arenaen», seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.  

Bollestad vil delta på heile den offisielle opninga av Dyrsku’n 2019, fredag 13. september kl. 15:00 på Fjoset. 


OM DEI ULIKE PRISANE:
• «Årets lokalmatgründer» er eit samarbeid mellom Hanen og Meny og har som mål å lyfte fram dei beste gründerane innan norsk lokal mat og drikke.

• «Det norske måltid» blir drive og eigd av Moril AS og er ei nasjonal kåring. Det Norske Måltid (DNM) har som formål å synleggjere breidda av landets matproduksjon og dei unike råvarene som blir produsert.
Under Dyrsku’n 2019 skal det kårast vinnarar i delkategoriane; Årets grønt, Årets grønt foredla og Årets bakst. Det norske måltid har hovudfinale  i Stavanger 10. januar 2020.
Vinnarane blir annonsert under opningsprogrammet til Dyrsku’n. 

• Årets matprodukt er Dyrsku’n sin eigen matpris og har to kategoriar; 

  • Foredla produkt (foredla innanfor frukt, grønt, bær, kjøtt, fisk)
  • Naturell (ubearbeida produkt innanfor frukt, grønt, bær, kjøtt, fisk)
  • Vinnarane får diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,- kvar i begge kategoriar under opningsprogrammet av Dyrsku’n og invitasjon til gratis stand i Lokalmat-området påfølgjande år

• Debattleiar under Dyrsku’n si offisielle opning er Erik Aasheim, Primus Production, tidlegare NRK og EAT Foundation.