Bryllaup på Dyrsku'n

Årets brurepar 2019

lørdag 14. september 2019

For årets brurepar, Linn-Therese og Hans-Martin, er Dyrsku'n alltid den offisielle starten på hausten.

I år vert det annleis. No vert årets Dyrskubesøk den offisielle starten på ekteskapet. Årets brurepar fekk nemleg fart på seg då dei såg annonsa kor Dyrsku'n søkte brur og brudgom. Det er flott at Dyrsku'n kan vere ein katalysator òg på kjærleiksfronten! 

Det var stor stas for dei mange frammøtte å få vere med og feire kjærleiken. Ramma vart sett i ein utandørs katedral omkransa av fjell. Ei slåande ramme rundt eit vakkert brurepar. Den kyrkjelege vigsla vart avslutta med Telemarksdiktaren Haldis Moren Vesaas ord: «Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di.» 

Tradisjonen tru ved Dyrsku-bryllaup vert brureparet smidd i Hymens lenkjer av smeden Øyvind Klausen. Han hadde for høvet laga to figurar som symboliserar den vesle familien, med brureparet og dotter deira Ingrid-Elise på 2 år. Figurane er bunde saman av ei lenkje som symboliserar kjærleiken. Men smeden seier at det må veresleng på kjedet. Det må heller ikkje vere for kort og banda må vere like lange. Ein lyt tru at smeden veit kva han snakkar om. Han har smidd brurepar på Dyrsku'n i 16 år og har ein framifrå statistikk.

Vigsla vart avlsutta med nokre få regndropar i brurekrona. Vi vonar det betyr lukke! Vi ynskjer paret hjarteleg til lukke med bryllaupsdagen og velkomen attende neste år, for offisielt å starte hausten på Dyrsku'n. Då som mann og kone.