Delfinale i Det Norske Måltid

Det Norske Måltid

torsdag 1. august 2019

Det Norske Måltid jaktar på det beste innan norsk mat og drikkeog kårar årleg dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg.

Konkurransen har sidan oppstarten i 2008  utvikla seg til å bli landets viktigaste og mest prestisjefylte prisutdelingar. Det vert arrangera delfinalar rundt om i landet for dei ulike kategoriane og finalen gjeng av stabelen i Stavanger i januar. 

For 3. året på rad arrangerast delfinalar i Det Norske Måltid på Dyrsku’n, for kategoriane foredla grønt og bakst.

Vi oppmodar alle produsentar innanfor kategoriane til å melde seg på delfinalen og ta turen til Dyrsku’n.  Meir informasjon om konkurransen, finn de her.

 
I delfinalen vurderer dommarpanelet alle produkta og etter nøye smaking og testing og utnemner 3 finalistar i kvar kategori som går vidare til hovudfinalen. Finalistane blir kunngjort under opningsprogrammet for Dyrsku’n fredag kl. 15.00.