Sensorteknologi skal sjekke dyrevelferden

Debatt om dyrevelferd

lørdag 14. september 2019

I framtida skal kamera i kvar binge kontrollere at grisen har det bra.

Det fortalde professor Inger Lise Andersen i Møt landbruket-teltet da dyrevelferd blei diskutert.


«Kva er god dyrevelferd og kan vi seie at vi har verdas beste dyrevelferd i Norge?» var temaet for debatten laurdag. Mange hadde møtt fram for å få eit innblikk i kva som skjer rundt dyrevelferd. I panelet var både Matprat, NMBU, Mattilsynet, Animalia og Bondelaget representert.

  • Ny teknologi kan også nyttast til å ha kontroll på dyrevelferden, fortalde professor i etologi (adferdsbiologi) Inger Lise Andersen ved NMBU på Ås.

Ho drog fram smakebitar frå prosjektet «Digipig» som skal kombinere kamera- og sensorteknologi med kunnskap om dyrevelferd for å registrere og dokumentere trivselen til dyra i fjoset. I kvar binge er det kamera som sjekkar velferden i kvar binge. Bilda blir analysert for å sjå blant anna om dyra er stressa og dermed kan bonden få melding om ikkje alt er som det skal.

  • Dette er eit godt hjelpemiddel, for det er ikkje praktisk mogleg å vere i alle bingar heile tida, sa professoren.

Også blant oppdrettsfisk er same teknologien på gang. Der kan kameraet sjekke om fisk som svømmer forbi har det bra.