Eit eventyr frå verkelegheita

Rui-jentene

torsdag 5. september 2019

Historia om dei to systrene frå Rui som fekk møte kongen var kjent og kjær i si samtid. No kjem teaterframsyninga om Rui-jentene til Dyrsku'n.

Foto: Vest-Telemark Museum

Ingerine og Gurine Schevenius var to stuttvaksne systrer frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark. Dei levde livet enkelt. Etter at jounralist Knut Eidem besøkte dei og skreiv om dei i Dagbladet, fekk dei invitasjon frå kong Olav. Besøket på Slottet gjorde dei landskjende. I år kan du sjå framsyninga "Spaden må gå jamt" om Rui-jentene som møtte kongen på Dyrskuplassen. 

Fann gleda i eit enkelt liv

"Sjølv om dei hadde midlar til å gjere arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd", fortel Hæge Manheim. Ho spelar Ingerine, og Inger Merethe Johnsen gjev liv til systera Gurine. Stykket skreiv dei i lag med regissør Sylvia Salvesen, etter idé frå Johnsen. "Vi ynskjer å gje publikum eit nært, varmt og ekte møte med Ingerine og Gurine. Eit møte fylt med humor, og til undring og ettertanke", seier Manheim. 

Suksess med turné

Ho og Johnsen har hausta lovord frå både publikum og presse for turneen deira med framsyninga. I juni spelte dei til og med stykket på Rui-plassen, til stor begeistring frå dei som fekk kjempa seg opp det hengebratte berget opp til husmannsplassen. No får Dyrsku-publikummet også møte Rui-jentene og bli med på deira store reise frå Dalen til Oslo. Stykket er korta ned og tilpassa Dyrskuplassen. "Historia er relevant for Dyrsku'n fordi ho mellom anna handlar om ein viktig del av landbrukshistoria, nemleg husmannslivet før og etter husmannslova som kom i 1929", seier Manheim. "Ho handlar om at lukka ikkje alltid ligg i nye og moderne maskiner og reiskap, men i det enkle og strevsame livet med jord og dyr".


"Spaden må gå jamt" - Rui-jentene som møtte kongen
Regi: Sylvia Salvesen
Skodespelarar: Hæge Manheim (Ingerine) og Inger Merethe Johnsen (Gurine)
Manus: I samarbeid, etter idé av Johnsen/Teater Fabel
Varigheit: ca. 40 minutt

Fjoset fredag kl. 18.00 og sundag kl. 15.30
Sterke Nils-tunet laurdag kl. 17.00