God deltaking på husdyrutstillinga

Tobias Torland Bringedal frå Nærbø på Jæren vann kalvemønstringa

fredag 13. september 2019

Heile 55 kyr og 22 geiter var påmeldt til husdyrutstillinga på Dyrsku'n i år.

-Det er vi veldig godt fornøgd med, og det var mange fine dyr, seier avdelingsleiar Njål Vestøl.

Mest publikumsvenleg er nok kalvemønstringa for dei yngste. 16 kalvar blei vist fram. For dei under 10 år var det Andrea Mæland frå Flatdal som gjekk til topps. Blant dei over 10 år vann Tobias Torland Bringedal frå Nærbø på Jæren.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad fekk dele ut mange av dei gjævaste prisane på Dyrsku'n. Blant anna delte ho ut Dyrskuprisen 2019 til Olav Hommo frå Vinje for beste geit. Seljordsprisen gjekk til Gunhild Dangstorp frå Varteig for beste Rødkolle.

Resultat frå husdyrutstillinga Dyrsku'n 2019:

Kalvemønstring under 10 år

1. Andrea Mæland, Flatdal
2. Marit Hegnastykket, Bø i Telemark
3. Gisle Snarterland, Fyresdal

Kalvemønstring over 10 år

1. Tobias Torland Bringedal, Nærbø
2. Sunniva Ljosland, Heddal
3. Kristine Bergland Mælandsmo, Heddal

Kumønstring for ungdom:

1. Marie Hognestad Brådli, Nærbø
2. Johan Aarsland, Bryne
3. Kristine Bergland Mælandsmo, Heddal

Geitemønstring for ungdom:

Ingebjørg Skolås, Vinje fekk ekstrapremie fra TINE og produsentlaget
Sigrid, Håvard og Såmund Haugo fikk ekstrapremie

Beste Geit – Dyrsku’prisen 2019

Geitnr 8020 Fra Olav Hommo, Vinje

Beste poenggeit – Bukkehornet

Geitnr 8216 fra Hege Gonsholt og Jon Olav Hauge, Rauland

Trykk her for alle resultat på geiteutstillinga.

Beste NRF-ku

Kunr 1549 fra Hvam Videregående Skole, Hvam

Trykk her for resultat på NRF.

Beste Telemarksku

Ku nr 685 fra Ove Torland, Nærbø

Trykk her for resultat på Telemarkfe.

Beste Rødkolle

Kunr 238 fra Gunhild Dangstorp, Varteig

Denne kua vart også tildelt Seljordsprisen 2019

Trykk her for resultat på Rødkolle.

Trykk her for resultat på Jersey og STN


LAST NED RESULTATLISTE FOR ALLE RASAR HER