God stemning i Matkvartalet

Stemninga er på topp hos utstillarane på årets Dyrsku

fredag 13. september 2019

Det mysser med folk rundt bodane i Matkvartalet.

Foto: Det er lang kø ved standen til Bekkereinan gardsmat, hos kokkane er humøret på topp.

Heilgrilla gris, økologiske grønsaker og smalahove er noko av det du kan finne her. Køen ved Bekkereinan gardsmat er lang. Kokkane bak disken jobbar konsentrert for å servere grilla svinekjøtt og andre gode saker til folket. Det er eit russel med folk og det summar av stemmer. 


Nokre er heldige og har funne seg ein sitteplass på ein langbenk ved sida av lokalmatteltet. Her sit mellom andre Ragnhild Bjaadal og mannen og slappar av med kaffe, medan eldstebarnet er på tivoli og mommo trillar den yngste. 


- Vi bur til vanleg i Os på Vestlandet, men reiser alltid heim til Dyrsku'n, seier Ragnhild.

- Eg trur det er mange som gjer det.


Både Ragnhild og søstera bur i Os, begge har tatt med mann og barn over fjellet for å få med seg det årlege fesjået i Seljord. 

Ragnhild Bjaadal (nr 2 frå venstre) og mannen Sten Pedersen (i telefonen) tar ein pust i bakken i matkvartalet.

Kål i kål

Litt lengre borte er ein fargerik stand som er bemanna av elevar frå Sogn jord- og hagebruksskule. På ei takke grillar dei kål, som blir servert i kålblad. I same retten er det også ein grilla graskarbit og grøn pesto. Det luktar himmelsk og smakar fantastisk. 


- Alt unntatt oljen vi steiker i er dyrka i Aurland, seier Thomas Tichelkamp stolt. Han er 3-års elev ved skulen.

- Er det vanskeleg å dyrke økologisk?

- Det handlar mest om å bruke litt anna reiskap og litt andre metodar. Vi har gulrot- og potetsortar som vi kan vinterlagre, forklarar Thomas.


Alt er økologisk og elevane dyrkar fram mange ulike sortar grønsaker. Ein fordel med dette, er at dersom ei avling med for eksempel kål, eller poteter, ikkje blir bra, har dei mange andre grønsaksavlingar som vonaleg har klart seg gjennom sommaren. Chili og tomat dyrkar dei i drivhus som går på fjellvarme. Studiet hadde 30 elevar i fjor, og i år var det så mange som søkte at det var fleire som ikkje fekk plass. 

Skal det vere ein smaksprøve frå Sogn jord- og hagebruksskule?

Thomas Tichelkamp byr på smaksprøver av ulike rotgrønsaker frå Sogn.


Chili, økologiske grønsaker frå Sogn Jord- og hagebruksskule

Fargerik chili frå Sogn Hage- og jordbruksskule