Gutta på tur

Øl- og matkurs på Dyrsku'n med Klokk & Co

fredag 13. september 2019

Øl frå Klokk & co og ost frå Thorbjørnsrud hotell fall i smak hos mannfolka på Dyrsku'n.

For det var nemleg ikkje mange damer på smakinga denne fredagskvelden. Fulle bord, men altså berre to damer hadde benka seg ned til den luksuriøse smakinga. 

Gjengen frå Vindafjord hadde rett nok med seg koner og barn til Dyrsku'n, men medgav at dei sat att i campingvognene og kosa seg der. 


- Kva tenker de om samansettinga ost og øl?

- Nei, vi er mest interesserte i ølet, avslørte Arild Eide.


Resten av gjengen på til sammen seks personar ler og seier seg einige. Til ølet skulle fire ostar smakast til ulike øl, og ein mørk sjokolade til eitt anna øl. Spennande smakar og god informasjon frå dyktige produsentar.


Torbjørnsrud hotell har bygd opp hotelldrifta si rundt matopplevingar, etter at dei for nokre år tilbake bestemte seg for å tømme badebassenget for vatn og lage ysteri der i staden. Klokk & co er eit Oslo-firma som starta i 2016. Dei lagar kvalitetsøl med og utan alkohol, fordi dei meiner at alle skal ha gleda av smakfullt øl. 


Laurdag kan du prøve ølsmaking med Balder Brygg i Lokalmat-kjøkkenet kl 14 og mjødsmaking med Mjøderiet kl 17, også det i Lokalmat-kjøkkenet. 

Fullt hus på øl- og matkurs på Dyrsku'n