Meld deg på årets tevling!

Husflidsutstillinga på Dyrsku'n

21. mars 2019

Meld deg på Husflidsutstillinga - tevling i handverk & design

Foto: Dyrsku'n/Helene Glanzberg

Dyrsku'n er ein yrande smeltedigel av ei handelsmesse, og har eksistert heilt sidan 1866. Kvart år får vi besøk av nær 90.000 gjester og heile 750 utstillarar innan landbruk, dyrehald, lokalmat, handverk og mykje, mykje meir! 

Saman med Norges Husflidslag som fagansvarleg arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design, før arbeida vert synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku'n. I utstillinga kan du og sjå ei dagsaktuell særutstilling, spennande gjesteutstillarar, demonstrasjon av handverksteknikkar og flotte elev- og studentarbeid.

Lyst til å delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.

TRYKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ INNAN 23. AUGUST


Kvifor delta?

  • Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum
  • Moglegheit for å knytte viktige kontaktar
  • Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum
  • Moglegheit til å bruke Dyrsku'n som sals-arena
  • Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding
  • Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar
  • Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar
  • Verdifull post på CV’n
  • Sette fokus på husflid, handverk og design
  • Oppretthalde og utvikle tradisjon
Kategoriane du kan melde deg på i, er:
  • Tre
  • Tekstil
  • Sylv
  • Rosemåling 
  • Smiing
  • Kniv
Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.

Ulike prisar
Forutan fyrste-, andre- eller tredje-premie, kan du òg vinne ein av dei spesielle prisane våre:
  • Nyskapingsprisen består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,-
  • Stimuleringsprisen vert dela ut som stimulering for vidare arbeid, og består av eit diplom og ein gåvesjekk på kr. 5000,-
  • Diplom for godt handverk blir dela ut av Norges Husflidslag
Pris- og premieutdeling 
Sundag 15. september kl. 14.00 er det pris- og premieutdeling med møteplass for deltakarar og handverkarar i Hall B.  

Sals-stand i Hall A
Dersom du er profesjonell handverkar, eller har planer om å drive profesjonelt, er det òg mogleg å søke om sals-stand i Hall A innan 1. april.
 
Vel møtt som deltakar, og hjarteleg velkomen til Dyrsku'n!