Kvasse knivblad og sarte tekstilar

Husflidsutstillinga på Dyrsku'n - tevling i handverk & design

fredag 30. august 2019

Knivblad, bunadsband og tobakkspiper på Husflidsutstillinga Dyrsku'n – tevling i handverk & design

Kvart år i slutten av august, akkurat på tampen av sommaren, samlar delar av eliten i det norske husflids-, handverks- og designmiljøet seg i Husflidshallen på Dyrskuplassen. Det er tid for dømming i Husflidsutstillinga Dyrsku'n, som er Noreg si største tevling innan handverk og design.

Heile nitten dommarar har vore i sving for å vurdere arbeida som er sendt inn innan dei seks kategoriane tre, tekstil, sylv, smiing, kniv og rosemåling. Nivået på dei innsende arbeida er som alltid særs høgt – likevel har nok dommarane vore særs imponerte over både kvalitet og mangfald akkurat i år, og superlativa har sete laust.

Dyrsku'n og Norges Husflidslag synast det er ekstra moro å sjå at tevlinga har ein del nye deltakarar, i tillegg til at dei yngre som har delteke dei siste par åra, har sendt inn arbeid på nytt i år. Saman med eit stadig større mangfald når det gjeld uttrykksformer, gjev dette gode føresetnadar for tevlinga og utstillinga i åra som kjem.

TRYKK HER FOR Å LASTE NED PREMIELISTA 

Husflidsutstillinga - tevling i handverk & design

Kven var dommarar i dei ulike kategoriane? 

TEKSTIL:
Mona Lund-Riise Løkting
Terje Lia
Anlaug Buen 
Dorthe Herup 


TRE:
Knut Abrahamsen
Tine Spuur
Mari Fallet Mosand


ROSEMÅLING:
Mari Ormberg
Vigdis Berg Nordgarden 
Rune Nesher 


KNIV:
Gunnar Momsilovic
Rolf Bauge 
Jan Arild Jansen


SMIING:
Øystein Myhre
Steven Carpenter  
Øyvind Klausen 


SYLV: 
Hilde Nødtvedt
Tom Ståle Moseid 
Anne Wiker Naas