Johan Lindeqvist solvkande 2019_2021

Mottakar av Lindeqvists sølvkande

fredag 13. september 2019

17. september 1866 fekk statsagronom Johan Lindeqvist kanna som takk for sin store innsats for "Tellemarkens Kvægavl". Sidan år 1900 har prisen blitt delt ut til organisasjonar og gardbrukarar som har utmerka seg i arbeidet med å "fremme kvegavlen i Bratsberg Amt".

For perioden 2019 til og med 2021 går prisen til Inger Elisabeth Haugarne i frå Edland. Ho får prisen for særs godt arbeid med miljømessig riktig og lønsam kjøtt-produksjon av storfe i Telemark, samt for å vere pådrivar for kjøttfe-utstillinga på Dyrsku'n.

Prisen vert dela ut under den offisielle opninga av årets Dyrsku. 

Grunngjeving for tildelinga til Inger Elisabeth Haugarne

Inger Elisabeth Haugarne held til i Edland i Vest-Telemark. Her har ho i mange år hatt aktiv drift med den skotske kjøtferasen Aberdeen Angus, dei seinare åra også den urgamle rasen Skotsk høglandsfe. 

Ho har tidleg vore særs aktiv innan avlsarbeid og har til dømes hatt fleire oksar til test på Staur Gard. Årets okse vart best i rasen og tatt ut til semin. Ho har og vore med på å starte opp TYR Telemark og delteke aktivt i laget sitt styrearbeidet, det same i dei to rase-laga. Ho har også mykje av æra for at kjøttfe no stillast ut på Dyrsku'n i Seljord. 

I tillegg har ho heile tida ivra for verdien av å halde det gamle kulturlandskapet i hevd, bl.a. ved ei vellukka beiteprosjekt i Vågslid. Ho har og vore ein særs viktig pådrivar og inspirasjon for å få fleire kvinner inn i kjøtproduksjon og avlsarbeid i fylket.

Johan Lindeqvist's Sølvkande

Ved testamentet av 22. juli 1898 har statsagronom Johan Lindeqvist bestemt at ei sølvkanne, som vart skjenka han av bønder i Telemark "som et erkjendtlighedstegn for hans udmerkede fortjeneste av Tellemarkens kvægavl" og overrekt ham i Seljord den 17. september 1866, skulle overlatast til Bratsberg amtskommune "paa en maate, som kan fremme kvægavlen i Bratsberg Amt." I henhold til dette fastsette Bratsberg amts landhusholdningsselskap og Bratsberg amtsting i 1899 regler. Fyrste gang for utdeling var i år 1900 kor Halvor H. Borgen i Bø fekk prisen. 
Statuttane er sidan den gong korrigert av Telemark Landbruksselskap. Fram til og med 2021 skal prioritert målgruppe vere enkeltpersonar, lag og organisasjonar som kan vise til særs godt arbeid innanfor miljømessig riktig og lønsam kjøttproduksjon på storfe. Kandidaten må ha tilhald innanfor Telemark fylke sine grenser. I juryen sit eit styremedlem frå Telemark Landbruksselskap, ein representant frå Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga, ein representant frå Tine SA og ein frå Nortura SA.