Mjølkekua i sentrum

fredag 16. august 2019

Det å stille ut ku på Dyrsku'n er sjølvsagt alltid gildt, men i år skal det gjerast litt ekstra stas på mjølkekua.

Foto: Beste NRF Dyrsku'n 2019 frå Hvamb vgs.


Husdyrutstillinga har ein heilt spesiell plass i Dyrsku-historia. Det som i dag er landets største handels- og landbruksmesse, starta som eit fesjå. Allereie i 1866 vart «Statens første Qvægudstilling» arrangert i Seljord. 


– Det er viktig å sikre ei god rekruttering til sjølve utstillinga, for utan mjølkekua mistar Dyrsku'n mykje av ryggrada si. Det ville vore stussleg, seier Sigbjørn Haslemo, husdyransvarleg og tidlegare rådgjevar i Tine. 


Njål Vestøl har vore ansvarleg for husdyrutstillinga i 26 år. Han fortel at Dyrsku'n i år har inngått eit samarbeid med Tine og Geno. 


– Det er eit forsøk på å gjere det litt meir attraktivt å stille med ku på Dyrsku'n, seier han.

Legg alt til rette

Vestøl jobbar aktivt med å få mjølkeprodusentane til å stille på Dyrsku'n med kyra sine. 

Både han og Dyrsku'n har stor forståing for at det er litt ekstra jobb for mjølkebøndene å stille ut dyra sine. Dei må trene litt med kua, gjerne reise tidleg om morgonen, skaffe fersk helseattest og vere borte frå garden. Difor tek dei grep for å gjere det både enklare og meir stas under årets messe. 


– Det er litt arbeid å stille ku, så vi vil gjerne leggje alt til rette for at produsentane vil komme hit. Vi vil at dei skal vere stolte ambassadørar for norsk landbruk og mat. Det er produsentane som er best egna til å fortelje og spreie kunnskap om det norske landbruket, seier Marit Mæland, prosjektleiar i Dyrsku'n. 


For å gjere det enklast mogleg å stille ut mjølkeku på Dyrsku'n, dekker dei sjølvsagt transporten. I tillegg dekker dei i år helseattesten frå veterinær som kvar ku som skal stillast ut må ha.  


– Vi oppfordrar dei som kjem for å stille ut ku til å ta med fleire dyr. Då kan elevar frå landbruksskulane låne ei ku og hjelpe bøndene med å stille dei ut, seier Haslemo.

Sosialt og artig

Det sosiale tilbodet for dei som stiller ut ku er også utvida i år. For dei som kjem til Seljord på torsdag, blir det ei samling med mat og prat om kvelden. Her får dei kjøttsuppe frå kjøkkenet på Storstogo mens dei kan møte andre mjølkeprodusentar. 


Fredag morgon byr Dyrsku'n på ein mobil frukost til dei som stiller ut ku, så her ligg alt til rette for ei triveleg helg.  


– Det skal vere artig å komme hit og stille ut ku. Eg trur dei som kjem synast det er kjekt å møte medprodusentar og andre som stiller ut ku – og å bli gjort litt stas på, seier Mæland. 


Prisane for beste ku i dei ulike rasane skal delast ut under sjølvaste opningsprogrammet. Det er landbruks- og matminister Olaug Bollestad som skal dele ut alle prisane. 


– Sjølv om det er produksjonen vi lever av, skal vi vere stolte av å ha fine dyr. Eg synast eg ser meir ærekjensle på utstillingar i utlandet, og det vil vi gjere noko med. Difor gjer vi ekstra stas på mjølkekua på Dyrsku'n i år. Vi vil syne at det er forskjell på dyra, og at det er konkurranse om å ha dei finaste dyra, seier Haslemo.

Flotte premiar

I tillegg kan Dyrsku'n i år lokke med flotte, framtidsretta premiar, takka vere samarbeidet med Tine og Geno. 


Tine byr på to timar gratis avlsrådgjeving til to vinnarar. Dei får besøk frå ein avlsrådgjevar, som ser på dyra og lagar ein avlsplan. Dei finn oksar som er egna til dei forskjellige kyrne. Vinnarane skal trekkast ut, så her har alle deltakarane ein sjanse, uansett rase. 


Geno sponsar gratis innlegg av embryo til beste ku frå rasa Norsk Rødt Fe (NRF). 


– Det er jo ikkje sikkert at det passar å leggje inn embryo på den kua som vinn. Difor har vi sagt at embryo kan leggast inn på ei ku i besetninga som eigaren sjølv vel i etterkant, seier Vestøl.


Opphavet til embryoet er spesielt utvalt, så her får du kremen av kremen. I tillegg sponsar Geno gratis kjønnsseparerte dosar med sæd til alle NRF-kyr som får fyrstepremie. Også her er det besetninga som vinn, slik at bonden sjølv kan velje kva ku som skal inseminerast.


– Har du ei god ku som du har skikkeleg trua på, og som du gjerne vil ha kvigekalv etter, så bruker du kjønnsseparert sæd når du inseminerer kua. Då er det 99 prosent sikkert at kalven blir ein kvigekalv, forklarer Haslemo. 

Trygt og smittefritt

Smitte er noko kvar ein bonde med dyr fryktar. Konsekvensane og kostnadene kan bli enorme om bonden får smitte i besetninga si. Difor er det berre smittefrie, grøne besetningar med fersk helseattest frå dyrlegen som får stille ut på Dyrsku'n. 


– Ingen skal risikere at dyra blir sjuke når dei er på Dyrsku'n. Reglane seier at det ikkje skal ha vore klauvsjukdom i besetninga dei siste tolv månadene, og det skal ikkje vere nokre merknadar på helsekortet. Dyra som skal stillast ut sjekkast også av veterinær i veka før utstillinga, seier Haslemo. 


Alle dyra får dessutan klovane spraya i det dei går av transporthengaren på Dyrskuplassen. Dei får også tilbod om å bli spraya på klovane før dei reiser heim. 


– Dette er noko vi tek svært alvorleg. Det skal ikkje vere noko lotteri å ta med dyr til Dyrsku'n.

Tekst: Aina Kristiansen/Tun Media