Norsk mat frå botnen

Kjøttkaker på Storstogo

tirsdag 3. september 2019

Anten du går for kjøttkaker, hamburger, lapskaus eller fårikål i teltet på Storstogo, er alt laga frå botnen av Dyrsku-kokkane.

Kjærleik til maten og gode råvarer er grunnleggande for alle rettane som blir servert dei mange gjestene som besøker restauranten. I tillegg blir all lapskausen som vert servera i kioskane ute på plassen produsera på Dyrsku-kjøkkenet. 

Norsk kjøt

Alle råvarene er norske og kjøtet kjem frå Gilde. Det gjer også dei mange kilometrane med pølser og tonn med hamburgarar som vert selt på messa. Dyrsku'n er stolte over å ha eit godt samarbeid med Gilde, som leverer prima norske kjøttvarer til gjestene. Det er ei forsikring om at dei blir servert det aller beste. 

Kjærleik og omsorg

Det er ingen tvil om at dei kunne gjort det enklare ved å kjøpe til dømes lapskausen ferdig. Det er ikkje aktuelt for Dyrsku-kokkane. "Vi smakar til alt og syter for at kvart kok og kvart parti med kjøttkaker og hamburgarar smakar som vi vil det skal smake", seier kjøkkensjefen Anette Lindskog Øverbø. "Vi vil sikre at maten blir slik vi vil ha han, difor lagar vi han sjølv, med kjærleik og omsorg". 

Storstogo Servering har over 800 sitjeplassar under tak. Dyrsku-kokkane ynskjer hjarteleg velkommen til velsmakande, heimelaga mat heile helga!

No får du fisk og vegetarmat på Dyrsku'n

I år blir menyen i dei mange kioskane rundt om på plassen utvida med veganer-burrito. Også i Storstogo Servering utvider ein tilbodet med lakseburger og vegetarbollar i saus. Bakgrunnen for at desse nye, spennande rettane har kome på menyen, baserer seg på tilbakemeldingar frå dei besøkande. Det har vore uttrykt eit ynskje om eit breiare mattilbod på Dyrsku'n, og det blir det altså no. "Det er heilt på sin plass med mattilbod for både veganarar og vegetarianarar. Hos oss skal det vere noko for dei fleste", seier Marit Mæland, prosjektleiar for Dyrsku'n.

God middag! 


Foto: Kjøkkensjef Anette Lindskog Øverbø og fagkokk Johan Sjøberg

Dyrsku-kokkane i produksjonen