Øl og mjød på Dyrsku'n

Øl- og mjødsmaking på Dyrsku'n

6. august 2019

Norsk drikkekultur vil bli godt presentert på årets Dyrsku, vi har satt saman eit spennande utval av ulike bryggeri og produkt du kan møte og smake på.

Frå norsk tradisjonelt gardsøl basera på norsk kveik og briskelåg, til øl basera på vestlandske bryggeritradisjonar med moderne gjærkultur. Frå handverksøl med og utan alkohol til den eldgamle kulturdrikken mjød, som kanskje er verdens eldste alkoholhaldige drikke. 

I drikkebaren i Storstogo servering kan du smake på og gjere deg kjent med dei ulike ølsortane og mjødet, frå desse bryggeria:
Bygland Bryggeri frå Bygland i Setesdalen bryggar øl med røter i det norsk gardsølet med ingrediensar av kveik (norsk gardsgjær) og briskelåg. Norsk gardsgjær er bruka og tatt vare på i enkelte bygder spesielt på Vestlandet. Kvar kveik gjev ein unik smak og inneheld fleire gjærstammer og bakteriar, dette gjev særeigne fruktige smakar på ølet. Bryggeriet meskar mange av ølsortane med einerlåg, noko som har blitt bruka i nordisk ølbrygging gjennom generasjonar. Einer gjev ein syrleg krydra smak og har preserverande og antibakterielle eigenskapar. 

Balder Brygg frå Leikanger i Sogn og Fjordane har vidareutvikla ein gamal vestnorsk heimebryggartradisjon. Med bruk av moderne gjærkultur sikrar dei resultatet og profilen sin. Balder satsar primært på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er ei unik satsing for eit mikrobryggeri. Undergjær lyfter den gamle øltradisjonen til nye høgder for dei øltypane der dei vil framheve malten som ølets kropp. Sidan ølet ikkje blir filtrert, krev denne produksjonsteknikken lengre gjæringstid og endå lengre lagringstid samanlikna med overgjæra øl (ale). 

Klokk & Co blei etablert i Oslo 2016  og arbeider etter mottoet «Stas til folket». I dag leverer Klokk & Co  fleire typar øl både med og utan alkohol, og leverer til daglegvare, nettbutikkar og øl-spesialutsal. Bedrifta møter den veksande marknaden for alkoholfritt øl med å tilby spennande alkoholfrie sortar, som folk kan nyte i alle anledningar. Dei har også eit ølslag som er både alkoholfritt og glutenfritt.

Mjøderiet - Bak Mjøderiet står fem eldsjeler frå Bergen med ein lidenskap for mjød, som har ambisjonar om å revitalisere mjød i Noreg, denne eldgamle kulturdrikken som fyrst dei siste åra har begynt å koma tilbake til nordiske ganer. Mjød er ein alkoholhaldig drikk som i sin mest basale form inneheld honning, vatn og gjær. Den kan smaksettast med frukt, bær, krydder og urter, som gjev spennande og unike smakskombinasjonar. Enkelte mathistorikarar meiner mjød er den eldste alkoholhaldige drikka i verden. 

Vi arrangerer øl- og mjødsmaking i Lokalmat-teltet, det kan vere lurt å sikre seg plass og melde seg på til smakinga på førehand:
Fredag kl. 17.00 - Bygland Bryggeri, leia av Kjetil Myrengen frå Thorbjørnrud Hotell
Fredag kl. 19.00 - Klokk & Co, leia av Kjetil Myrengen frå Thorbjørnrud Hotell
Laurdag kl. 14.00 - Balder Brygg, leia av Hege Ramseng frå Bryggeri- og drikkevareforeningen
Laurdag kl. 17.00 - Mjøderiet, leia av Hege Ramseng frå Bryggeri- og drikkevareforeningen