Omvisning i kjøttferingen

Kristian Heggelund

søndag 15. september 2019

Ved standen til TYR, med ny løysing og plassering for året, er det mykje liv!

Eg kjem fort i snakk med avlsansvarleg Kristian Heggelund. Han kan fortelje at dyra dei har på bås under Dyrsku'n er dei nasjonale rasane det vert drive avl på i Noreg. Avlsarbeid er særs viktig, men viktigast av alt er god fruktbarheit og god dyrehelse. Heggelund viser meg rundt i innhegninga og fortel at det etter kvart og vil kome avl på Tiroler Grauvieh. «Å – det er den søte kua» glepp det ut av meg. Heggelund flirar og svarar «ja, vi kallar ho «dameku», nettopp av di ho skapar begeistring hjå damene med sine lange augnevipper og den fine, kvite fargen rundt nesa».

Heggelund fortel at det å få nytt område på Dyrsku'n, ved å flytte dyra ut i ny innhegning, har vore særs positivt. «Vi har minst 4 gonger meir besøk i år enn tidlegare og det same gjeld spørsmål om rasane», seier han. Det er tydeleg at det å kome tettare på dyra triggar både engasjement og interesse hjå dei besøkande. Og blir dyra slitne av alle folka så vert dei skjerma. Dei har og siesta ein time midt på dagen. Då vert dei fora og får kvile seg litt. Det same gjeld ein halvtime om ettermiddagen. «Vi håpar på same plassering og komande Dyrsku’ar», avsluttar Heggelund.

Eg går ut blant folka i innhenginga att for å kjenne litt på stemninga. Då høyrer eg nokon sei: «Se så fin, da!». Det er «damekua» som vert beundra og kommentert nok ein gong.