Opning for 154. gong og gjeve prisar

Olaug Bollestad gratulera Tilla som vann prisen for beste Telemarksku

fredag 13. september 2019

I strålande solskin og god stemning inntok Aasmund Nordstoga og The Northern Belle scena med songen «Liv laga» idet Dyrsku'n vert offisielt opna for 154. gong.

Foto: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad saman med Telemarkskyri "Tilla" - vinnaren av Beste Telemarksku 2019.

Aasmund Nordstoga er konferansier for opningsprogrammet, og fortel at landbruks- og matminister Olaug Bollestad og Trygve Slagsvold Vedum (Senterpartiet) er blant hovudpublikum, saman med kyr og geiter.

Trass mykje vind og scenepynt på ville vegar, vart Dyrsku'n 2019 offisielt opna når Olaug Bollestad slo tre slag i bjølla. Det betyr at folkefesten er i gang - tre dagar til endes med handel, kultur og fesjå. Ministeren synast det var fantastisk å sjå så mange samla på Noregs største handels- og landbruksmesse. Ho viste til at landbruket er den største arbeidsplassen på fastlands-Noreg, med sine 90.000 tilsette. Landbruket er dermed viktig i heile Noreg, det bringar landet saman og bidreg til berekraftig verdiskaping. Husdyr og matproduksjon er framleis særs sentral på Dyrsku'n, saman med innovasjon og ny teknologi. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad fortalte i tala si at ho er svært oppteken av tradisjonar, som formidlar kunnskap og kultur. Då var det høveleg å kunne opne messa med tradisjonar og røter heilt tilbake til 1866. 

Trygve Slagsvold Vedum og Olaug Bollestad møttes til politisk kvarter på Hovudscena med tema "Bonden 2030". Vi har sett heitare debatt på Dyrsku’n tidlegare, for KrF og SP er nokså samstemte i dei store spørsmåla kring mat og landbruk. KrF ynskjer landbruk i heile landet, og er tydeleg på at dei vil fordele landbruket etter kvar det er mest lønnsomt å drive med henhaldsvis kjøt,fisk og grønnsaker.

Maten er vårt livsgrunnlag og duoen var skjønt einige om at ein stø og tydeleg landbrukspolitikk var viktig for å sikre mat til oss og våre etterkomarar.

På spørsmål om han stiller seg bak påstanden om at vi må ete mindre kjøtt, svara han tydeleg at vi bør spise meir fisk og godt variert kosthold, og seier bestemt vidare at vi kan fortsette å spise kjøtt, men må kutte ned på importen av kjøttprodukter. Reine norske kjøttprodukter er framleis sunt.

Olaug Bollestad vil auke beredskapen og sikre veterinærer, Mattilsynet og liknande instanser betre vilkår for å skjøtte ein beredskapsrolle som er god nok. Med det har vi den pågående hundesykdommen friskt i minne.

Matprisar

Det Norske Måltid er ein nasjonal og prestisjefylt konkurranse med 300 påmeldte og totalt 13 vinnarar, som vert kåra i Stavanger i januar 2020. Under opningsprogrammet vert det kåra totalt 9 finalistar i kategoriane Årets Bakst, Årets grønne og Årets grønne-foredla.

Finalistar i Årets Bakst:
Knekks, Rørosbakern, Trøndelag
Ølkjeks på boks, Ringnes Brygghus, Oslo
Knekkebrød Original, Elin’s drøm, Buskerud

Finalistar i Årets grønne:
Tindved, Lærdal Grønt, Sogn og Fjordane
Aspargespotet, Gåtes jordepler, Møre og Romsdal
Crown Prince gresskar, Brimse Gard, Rogaland

Finalistar i Årets grønne – foredla:
Granola, Lykkemat, Trøndelag
Stikkelsbærsyltetøy, Lien Gård, Telemark
Bjørnebærsorbet, Bamsrudlåven, Østfold


Årets Lokalmatgründer 2019 er eit samarbeid med Hanen og Meny, som ynskjer å løfte fram dei beste gründarane innan norsk mat og drikke. Årets pris gjekk til Ostebygda frå Hol i Buskerud. Dei fekk skryt for å vere ein moderne entreprenør, som har funne si eiga nisje. Dei har kome fram til at godt samarbeid er nøkkelen til sukses, i tillegg til å ta vare på den individuelle identiteten til kvar av produsentane som er med i samarbeidsprosjektet. 

Ostebygda vann prisen som Årets Lokalmatgrûnder 2019


Prisen for Årets matprodukt har to kategoriar. Her er det høgt nivå, og mange gode kandidatar som vert bedømt etter følgjande kriteriar: smak, konsistens, tradisjon, lokalitet, emballasje og historieformidling. Stordalen Gardsbruk og Fruktkonfekt vann prisen for Årets matprodukt foredla med sine utsøkte sjokoladetrøflar. Trøflane er eit samarbeidsprosjekt mellom Stordalen Gardsbruk (Tinn), Fruktkonfekt (Bø), Lindheim gard (Sauherad) og Valen gard (Bø). Produksjonen har lange røter, men er samstundes innovativ. Du finn dei i Lokalmat-teltet om du vil kjøpe med deg trøflar heim!

Stordalen Gardsbruk fekk prisen for Årets matprodukt foredla for sine sjokoladetrøflar

Årets matprodukt naturell, gjekk til Rørosrein for Mørbrad av reindyrkalv, Rørosviddas Perle, og fekk full pott på både smak og utsjånad.

Prisutdeling for husdyr

Husdyrutstillinga dela ut dei gjevaste prisane under opninga:

Dyrskuprisen 2019 gjekk til Olav Hommo og geit nummer 0820, for god kropp- og beinbygning, jur og spener. 
Seljordsprisen 2019 gjekk til kua Villemor ved Gunhild Dangstorp. Dommarane seier Villemor er ei rasetypisk ku, med god beinstruktur og fine jur.