Stor auke i produkt til husflidstevlinga

Stimuleringsprisen 2019 Michal Wunderlich

søndag 15. september 2019

Husflidsutstillinga på Dyrsku’n er poplær som aldri før.

I år var det auke i talet på innleverte produkt i alle kategoriar utanom rosemåling.

-Det viser at vi må lyfte rosemålinga neste år, men elles er eg strålande fornøgd, seier Eva Kristin Flatin som er ansvarleg for utstillinga.

Det er stor spennvidde i produkta som er sendt inn og det er artig at det er 16 prosent auke i deltakinga. Spesielt gledeleg er at dei som var nye i fjor, kjem att i år med nye produkt.

Tre produkt fekk diplom for godt handverk. Det var Rikke Kåsa for si fantastiske raudtrøyedrakt for barn, etter modell av dokkeklede på Norsk Folkemuseum.

Mottakar av Norges husflidslag sitt diplom for godt handverk, Rikke Kåsa

Bjørg Kristiansen White for sitt flotte og nyskapande teppe inspirert av filleryer og biletvev frå mellomalderen. Og Tor Vistnes for sine nydelege turkoppar laga i risknutar av bjørk, kvaltann og geiteskinn. -Tilbakemeldingane frå deltakarane og publikum har vore «For ei tevling!», seier ei nøgd utsillingsansvarleg.

TRYKK HER FOR PREMIELISTA PÅ HUSFLID

Michal Wunderlich mottok Stimuleringsprisen 2019