Presisjonsløft med gravemaskin

Presisjonsløft med gravemaskin

lørdag 14. september 2019

Det var eit spent publikum rundt gravemaskina då Petter Pilgaard konkurrera mot ein langt meir erfaren gravemaskinførar, Emilie Hoffmeyer Guldager.

Konkurransen gjekk ut på at dei skulle plukke opp fem fotballar med klypa på gravemaskina, for deretter å sleppe dei oppi ei tønne. Konkurransen bestod av tre rundar, og det var tida som avgjorde kven som vant med best samanlagt tid på tre rundar.

Emilie har fagbrev i Fjell og Bergverk, og jobbar til dagleg som skytebas, medan Petter er mest kjent frå TV-bransjen. I hans reise mot å «bli meir mann», har han mellom anna køyrd opp til gravemaskin, dumper og hjullastar.

Vendela Kirsebom, Petters kjæraste, ynskjer Petter lykke til, idet den spanande konkurransen står for tur.

Petter viser stor progresjon mellom dei tre rundane. På fyrste runde bruka han 2,01 minuttar, medan han i siste runde berre bruka 1,09 minuttar. Det tilsvarar ein forbetring på nesten eit minutt!

Emilie viser óg progresjon. Ho bruka 1,28 minutt på fyrste runde, og i hennars beste runde bruka ho berre 1,02 minutt!

Emilie var ein klar vinnar, og Petter var ein god nummer to, og tok ikkje tapet tungt. Det var tydeleg at Emilie hadde meir kontroll enn Petter, da det kunne sjå ut som han hadde lyst til å mose fotballane. Emilie seier sjølv at ho berre køyrer gravemaskin eit par gonger i året, noko ein har vanskeleg for å tru om ein såg tevlinga..