Prisdryss for norsk mat og drikke

Årets lokalmatgründer 2019, Røyland gård

onsdag 11. september 2019

Under opninga av årets Dyrsku'n får du møte produsentane bak nokre av dei beste mat- og drikkeprodukte i landet.

Foto: Røyland gård vart Årets lokalmatgründer i 2018. 


Det Norske Måltid er no landets viktigaste og mest prestisjefylte prisutdeling for mat- og drikkevarer. I september kjem dei til Seljord og Dyrskuplassen for å presentere tre finalistar i tre kategoriar. "Dei leitar etter det mest utsøkte innan norsk mat og drikke", seier Tove Hoppestad, matansvarleg i Dyrsku’n. Ho meiner det er viktig for matfokuset til Dyrsku’n at Det Norske Måltid har valt å kome til akkurat Seljord. "Og både finalistane og Det Norske Måltid er veldig nøgd med at presentasjonen skjer under opningsprogrammet", fortset ho.  


Statsråd kastar glans

Det er statsråd i Landbruks- og matdepartementet, Olaug Bollestad, som skal presentere finalistane i Det Norske Måltid. Hoppestad seier at det er viktig at Bollestad er på Noregs viktigaste og største landbruksmesse. "Og det er fint for statsråden å få enda betre kjennskap til konkurransane og produsentane. Ho har eit stort felt å ta vare på", seier Hoppestad.


Det Norske Måltid

  • Den viktigaste og mest prestisjefylte prisutdelinga for mat og drikke i Noreg   
  • Arrangert kvart år frå 2008 
  • Kårar dei beste mat- og drikkeprodukta i 13 kategoriar i Noreg 
  • Tre finalistar i kvar av kategoriane Årets grønt, Årets grønt foredla og Årets bakst blir presentert under opninga av Dyrsku'n 2019
  • Etter delfinalar fleire stader i landet, blir dei 39 finalistane vurdert av ein fagtung jury  
  • Finalen blir arrangert i Stavanger 10. januar 2020

Årets lokalmatgründer

Bollestad skal også dele ut fleire prisar under opninga i år. Prisen Årets lokalmatgründer er ei påskjøning og ein hyllest av ein eller fleire gründerar og konsepta deira. Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske, og dei jobbar for å fremje og sikre utviklinga av norsk mat og kulturarv. Kvart år deler dei ut prisen saman med Meny, og det er andre gong Årets lokalmatgründer blir delt ut på Dyrsku'n. 


Finalistane i Årets Lokalmatgründer 2019:

  • Oppheim Gård, Ål kommune
  • Lofoten Seaweed, Napp i Lofoten
  • Stølsvidda/Fjellgris frå Valdres, Fagernes
  • Ostebygda, Hol kommune
  • Bleie Gard/Alde, Hardanger
  • Balholm, Balestrand

Juryen består av:

  • Hilde Charlotte Solheim, juryleiar (styreleiar i Destinasjon Røros)
  • Eivind Haalien, kategorisjef i lokalmat og spesialitetar i NorgesGruppen
  • Anne Jødal Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri
  • Bernt Bicher Johannessen, dagleg leiar i Hanen

Årets matprodukt

Årets matprodukt Dyrsku'n 2019 er landbruksmessa sin eigen pris. Han skal inspirere til kreativitet innanfor produktutvikling basert på lokale råvarer og tradisjonar. "Nytt i år er det at vi har to kategoriar: Årets foredla produkt og Årets naturell/ubehandla produkt", seier Hoppestad. "Vi håpar desse prisane kan vere til inspirasjon og synleggjering av vidareforedling, samt vise fram alle dei flotte råvarene som vert produsera i det langstrekte landet vårt".