Stolt av norske matprodusentar

Olav Lie-Nilsen

tirsdag 27. august 2019

I Lokalmat-kjøkkenet diskar dei opp med både matglede og mangfald, ærekjensle og formidling.

Foto: Mari Svenningsen/Thorbjørnrud Hotell


Olav Lie-Nilsen har lang erfaring frå drift av hotell og mange store arrangement. Til dagleg eig og driv han Thorbjørnrud hotell og Øvre Kjekshus Gård. No har han fått ansvaret for drifta av Lokalmat-kjøkkenet. 

– Eg har eit brennande engasjement for norsk mat, landbruk, måltids- og matkultur, seier han. 

Mangfald og tradisjon

Lie-Nilsen meiner Dyrsku’n er viktig for lokalmatprodusentane. Her får dei marknadsført seg, bygd nettverk og selt produkta sine. 

– Det er ein arena med lang historie og tradisjon. Lokalmat-teltet byggjer oppunder mangfaldet og opplevinga av Dyrsku’n for publikum, seier han.

Meir action til publikum

På Lokalmat-kjøkkenet kan du sjå korleis du kan bruke og kombinere nokre av matprodukta som er til sals i Lokalmat-teltet. 

– Vi sett no enno meir fokus på formidling av mat, mathandverk og matglede. Vi ynskjer å vise fram korleis ein lagar til mat og lage litt meir action for publikum, seier Lie-Nilsen. 

Vil gjere publikum stolt

I Lokalmat-teltet blir matglede og gode smakar kombinert med mykje kunnskap. Lie-Nilsen vil gjere publikum stolt av mangfaldet i norsk matproduksjon og matkultur. 

 – Eg vil at publikum skal sitje att med ei forvissing om at vi er mange som ynskjer å produsere mat av høg kvalitet i Noreg, seier han.

Om du lurer på om du skal ta turen innom Lokalmat-kjøkkenet i år, kan du neppe tolke denne skildringa frå Lie-Nilsen som noko anna enn eit rungande «JA!»: 

 – Det er eit herleg liv der, med masse folk, gode smakar og stolte produsentar. Det er absolutt verdt eit besøk!