Teddy er stjerna!

Teddy

søndag 15. september 2019

…og eit synleg bevis på at det er plass til alle!

I ei innhegning på utsida av Dyrsku-fjoset finn vi ei stjerne: høglandsfe-stuten Teddy. Men det ser ikkje ut til at stjernestatusen har gått til hovudet på han, der han ligg i høyet med hatten på snei og nyt ettermiddagssola. Rundt han er det mykje liv og røre og alle som stimlar til innhegninga har eitt mål: dei skal ha bilete av Teddy. Han er faktisk blitt så populær at han har fått sin eigen «merch» gjennom t-skjorte og lue! Eigar Hanne Veikåker kan fortelje at dei no planlegg ein heil kleskolleksjon.

Hanne fortel ei rørande historie om den vesle oksen som både hadde for korte bein og var sterkt underbit. Etterkvart fekk han store flotte horn, men dei viste seg å vende feil veg. «Men han er så snill og roleg!» seier Hanne. Og Teddy er blitt sjølve symbolet på at ein kan vere annleis og likevel finne lukka i livet. Heime går han under namnet onkel Teddy. Dette speglar rolla han har i flokken på heimgarden Veikåker Gård. Der går han i flokk med kvigene. Og han passar godt på damene sine! Han er vant til folk og er særs roleg. Det er bra for flokken då Teddys stoiske ro smittar over på dei andre kyrne. 

Med seg i innhegninga i dag har Teddy ei dame som og er litt utanom det vanlege. Ho heiter Berte. Ho er fødd tvilling med ein oksekalv og i majoriteten av tilfella fører det til sterilitet. Men Berte har trass dårlege odds blitt mor! «Og med det har ein lært at ein ikkje skal miste håpet» seier Hanne.

Med eigen kleskolleksjon undervegs og eit stjerneliv i sosiale media kan alle fylgje både Teddy og Berte på deira veg mot stjernehimmelen. Og om ikkje Teddy sjølv er medviten om eigen stjernestatus kan vi i alle fall avsløre at han er den mest fotograferte av alle på heile Dyrsku'n!


Hanne Høne Veikåker